Hopp til innhold

Flaumvarselet framleis på oransje farenivå

Etter ei ny oppdatering hos NVE i ettermiddag, ligg flaumvarselet framleis på oransje farenivå på Vestlandet. – Vi forventar høg snøsmelting, seier regiondirektøren i NVE.

Opoelva

HØG VASSFØRING: I går vart Hjøllobrua i Odda stengt. Her ser du den høge vassføringa laurdag morgon.

Foto: 03030-tipsar

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Klokka 12.00 gjekk NVE gjennom dei oppdaterte målingane sine.

– Vi blir ståande på oransje farenivå for alle vestlandsfylka, seier regiondirektør i NVE, Brigt Samdal.

Grunnen er at det er veldig store mengder med snøsmeltevatn, saman med høge temperaturar.

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

– Vi blir ståande på oransje farenivå for alle vestlandsfylka, seier regiondirektør i NVE, Brigt Samdal.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Det er sjølvsagt stort spenn innanfor det oransje farevarselet, men vi ser ikkje på situasjonen som at den er nær med å bikke over til raudt, seier Samdal.

Regnet spelar ei stor rolle

NVE har vore i kontakt med Meteorologisk institutt, som har kome eit døgn nærmare til sine vurderingar og sine modellar, og gitt no eit meir eintydige svar.

– Det ser ut som at det skal vere nokolunde avgrensa nedbørsmengder som kjem på Vestlandet. Det ser ut som at det drar meir nordover og austover, seier Samdal.

For det er graden av nedbørsmengder dei neste dagane, som speler inn på kor alvorleg situasjonen kan bli.

– Det er sjølvsagt usikkert kor mykje regn som vil kome dei neste dagane, men det ser ut som at Vestlandet slepper unna med rundt 20 mm per døgn. Vi håper sjølvsagt det blir minst mogeleg regn som kome, seier regiondirektøren.

Fortsetje med beredskapen i Odda

John Opdal

I BEREDSKAP: – Odda kommune fortsette med beredskapen dei har hatt det siste døgnet, seier ordførar John Opdal.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Klokka 12.30 hadde Odda kommune krisemøte, der vart dei samde om å fortsetje med beredskapen dei har hatt det siste døgnet.

– Det vil bli tatt ei ny vurdering klokka 21.00 i kveld, for å vurdera om det skal vere nattvakt eller ikkje, seier ordførar i Odda kommune, John Opdal.

Hjøllobrua vart i går stengt, og vil framleis vere det over helga.

– Vi ser at fleire personar går over brua sjølv om den er stengt, så vi oppmodar folk om å ikkje gjere dette og vere forsiktige, seier Opdal.