Hopp til innhold

Fengsla til over nyttår

To menn fekk forlenga fengslingsperioden sin i dag etter dødsfallet på Wergeland.

Mistenkelig dødsfall på Wergeland

Det var i november at ein mann vart funne død i ein hage i Wergelandsalleen i Bergen. Tre menn er arrestert og sikta i saka.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Det var torsdag 7. november at ein mann vart funne død i ein hage på Minde i Bergen. Tre menn er arrestert og sikta i saka; ein 41-åring er sikta for lekamsskading med døden til følgje, medan dei to andre er sikta for medverknad.

I dag vart fengslingsperioden forlenga for to av mennene, skriv Bergens Tidende.

Åtte veker

Ein 44 år gamal mann er fengsla i seks nye veker. 41-åringen frå Estland, som politiet meiner er hovudmannen i valdsepisoden, er fengsla i åtte nye veker.

Den tredje, ein 39 år gamal mann som sjølv melde seg til politiet, må møte i retten neste veke der politiet vil be om forlenga fengsling også for han.

Massiv vald

Politiet har tidlegare uttala at dei trur den døde mannen vart stukke med saks. Den endelege obduksjonsrapporten er ikkje på plass enno, og årsaka til at den 38 år gamle litauaren døde er uklart.

– Det eg kan seie er at fornærma vart utsett for massiv vald, seier politiadvokat Janne Heltne til BT.

Nektar straffeskuld

Alle dei tre i saka nektar straffskuld. Den 41 år gamle mannen, som no må sitje i varetekt i åtte nye veker, har frå starten av forklart at han handla i naudverje.

Om obduksjonsrapporten syner at mannen døde som følgje av valden, vurderar politiet å utvide siktinga for alle tre.