Hopp til innhold

– Dette er det vi har frykta i alle år

Ei campingvogn med spikertelt blei fullstendig utbrent, medan fire campingvogner i nærleiken fekk skader.

Brann på Fusa Camping

I FULL FYR: Det skal ikkje ha vore personar i campingvogna då det tok til å brenne i dag.

Foto: 03030-tipser

– Det går fort når campingvogner brenn. Det går ikkje mange minuttar før vognene er vekke, og dei fleste har gass, difor er dette noko vi har frykta, seier Hege Opsal, som driv Fusa Camping saman med mannen sin.

Brannen på campingplassen på Venjaneset blei meldt klokka 15.36 torsdag ettermiddag. Det var naboar til campingplassen som såg røykutviklinga og melde frå.

Kunne høyra tre smell

Brannvesenet frykta at brannen skulle spreie seg, men klarte å unngå dette. Klokka 16.05 opplyste 110-sentralen i Hordaland at brannmannskapa hadde kontroll på brannen. Dei held no på med ettersløkking.

Brann på Fusa Camping

ETTERSLØKKING: Brannmannskapa meldte kontroll på brannen vel ein halvtime etter at brannen blei meld.

Foto: 03030-tipser

– Campingvogna med spikartelt er utbrent. Fire vogner som stod i nærleiken er også skada, fortel Frode Kolltveit Hordaland politidistrikt.

Den utbrente campingvogna skal ha vore under oppussing, og det blei hørt tre svake smell under brannen.

Det er ikkje meldt om personskadar.

Fusa