Nordre korvegg i Bergen domkirke blei i april i fjor undersøkt med georadar av SINTEF. Undersøkinga avdekka at
.Etter funna med georadar søkte Bergen kyrkjelege fellesråd om å få ta ut ein stein i domkyrkja for å sjekka om Magnus Lagabøte kan ligga der. Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) har i høve denne søknaden laga ein rapport om Bergen domkirke.
– Me har gått gjennom alle tidlegare arbeid som er gjort med kyrkja, seier avdelingsleiar for arkeologi Knut Paasche ved NIKU.
– Ein konge lite verdig
I rapporten konkluderer NIKU med at det er lite sannsynleg at Magnus Lagabøte er gravlagd i nordre korvegg.
– Kongelege personar har først og fremst blitt gravlagde under golv i den delen av middelalderen. Det er litt rart at Magnus Lagabøte skal ha blitt lagt i veggen, som det finst ei skriftleg kjelde som antydar at han kan ha blitt, forklarer Paasche.
– Når han døde i 1280 var kyrkja under oppbygging, og då blei han i tilfelle lagt midt under byggearbeidet. Det er ein konge lite verdig, seier avdelingsleiaren i NIKU.
Får ikkje ta ut stein
Riksantikvaren har på bakgrunn at rapporten frå NIKU avgjort at Bergen kyrkjelege fellesråd ikkje får lov til å ta ein stein ut av veggen for å sjekka kva som finst bak den.
– Me gav avslag på søknaden fordi den steinen ein ønskte å ta ut var plassert feil i forhold til dei SINTEF-funna som er gjort med georadar, seier seksjonssjef Hanna Geiran hos Riksantikvaren.
– Då ville ein jo faktisk ikkje ha funne nokon ting, viss ein trur ein kunne ha funne noko, legg Geiran til.
Trur framleis at det er ein sarkofag
Det var hobbyhistorikar Gunnar Rosenlund frå Bergen som tok initiativ til SINTEF-undersøkinga som blei gjort i april i fjor. Målet med undersøkinga var å avdekka om det finst metall i korveggen.
Teorien om at Magnus Lagabøte skulle ligga i nettopp nordre korvegg har Rosenlund utarbeida ved hjelp av synske, ein ønskekvist og eit magnetometer. Rosenlund er heilt sikker på at det er ein sarkofag i nordre korvegg.
– Det ville vera veldig rart viss det ikkje er ein sarkofag som har kome på georadar-biletet, Det må i alle fall undersøkjast uansett. Og alle dei andre tinga som er der, det kan ikkje berre vera tilfeldigheiter dette her, seier Rosenlund.
LES OGSÅ:
– Riksantikvaren er fornuftig skeptisk
Magnus Lagabøte var konge i Noreg frå 1263 til 1280. Ei skriftleg kjelde antydar at Lagabøte kan vera gravlagt i veggen på Bergen domkirke. NIKU meiner likevel at dette ikkje er sannsynleg.
Avdelingsleiar Paasche i NIKU meiner ein må vera forsiktig med å gjera inngripen i freda bygg og er difor nøgd med Riksantikvaren si avgjersle.
– Det er her snakk om å slå hol i veggane, og det er noko ein ikkje gjer utan grunn. Når det ikkje er stor sannsynlegheit for at ein skal gjera funn når ein gjer inngrepet, så er Riksantikvaren fornuftig skeptisk og held igjen. Slik må det vera viss ein skal ta vare på desse kulturminna for framtida, seier Paasche.
Gir ikkje opp
Arkeolog og kongeekspert
.– Eg trur ikkje på det historikarane seier om muren og at han ikkje blei gravlagt i veggen der. Det er veldig rart, for det er faktisk den einaste staden som ligg rett aust-vest. seier Rosenlund.
Viss Bergen kyrkjelege fellesråd ønskjer å gå vidare med søknadsprosessen meiner Riksantikvaren at dei bør undersøka alternativet med å bruka sondekamera for å undersøka veggen nærare.
Dette bør i så fall skje ein annan stad i kyrkja og ein bør også gjennomføra georadar-undersøking av eitt eller fleire referansefelt, meiner Riksantikvaren.
Gunnar Rosenlund vil ikkje gi opp.
– Då må dei søka på nytt igjen, og søka om å få sonde inn. Dei må finna mørtel mellom to steinar og bora seg gjennom der. Då gjer dei i i alle fall ingen skade, seier Rosenlund.
LES OGSÅ: