Hopp til innhold

Brukte helsesøster-pengar på andre ting

9 millionar kroner i statlege midlar skulle gje Bergen kommune 12 sårt trengde helsesøsterstillingar. Slik gjekk det ikkje.

Hilde Onarheim

OMDIRIGERTE PENGANE: Helsebyråd Hilde Onarheim vedgår at pengane som var meint å gå til fleire helsesøstrer vart brukt på andre ting. Ho understrekar at pengane ikkje var øyremerka.

Foto: Sølve Rydland / NRK

No vedgår byrådet at dei har brukt halvparten av pengane på andre ting. Det får opposisjonen i helsekomiteen til å reagera.

– Dersom dei meiner alvor med å satse på førebygging ville jo eg har brukt pengane på helsesøstrer, seier Emelin dos Santos Dias (Ap).

– Behovet er der

Emelin dos Santos Dias

USAMD: Emelin dos Santos Dias (Ap) er blant dei som reagerer på Bergen kommune sin bruk av dei statlege midlane.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Når det er eit behov for fleire helsesøstrer syns eg det er synd at Bergen kommune ikkje greier å prioritere dei tiltenkte midlane til nettopp det føremålet, seier Erlend Horn (V).

Både Dias og Horn er skuffa over at Bergen ikkje har lytta meir til signala frå stortinget. I statsbudsjettet vart det løyva 180 millionar kroner til fleire helsesøstrer i kommunane.

Bergen fekk rundt 9 millionar kroner som skulle rekke til rundt 12 nye helsesøstrer. Helsebyråd i Bergen, Hilde Onarheim (H) meiner behovet er der, men likevel er halvparten av pengane brukt til andre ting.

– Me ser heilt klart at me treng fleire helsesøsterstillingar. Både på helsestasjonane, og så ynskjer me å styrka skulehelsetenestene. Men dei midlane som ein ynskja at ein skulle gi til helsesøsterstillingar har me ikkje brukt alle av, seier Onarheim.

Erlend Horn

REAGERER: Erlend Horn i Venstre meiner det er synd at kommunen ikkje prioriterer fleire helsesøsterstillingar.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ikkje øyremerka

Helsebyråden understrekar at pengane ikkje var øyremerka.

– Resten av dei pengane gjekk til andre tenester innanfor helse og omsorg, fortel Onarheim.

– Eg syns det er merkeleg. Men det handlar jo om politisk prioritering og kommuneøkonomi. Me ville jo ha prioritert annleis, seier Dias.

– Ho skal ha for at ho er ærleg om at det er den prioriteringa dei har gjort, seier Horn.