Hopp til innhold

Mann sikta for vald etter dødsfall i Bergen

Politiet tok seg natt til 17. mai inn i eit hus i Os.

Mann sikta for vald etter dødsfall

SIKTA FOR VALD: Ein mann vart i natt arrestert og sikta for vald etter eit dødsfall i Bergen. Politiet aksjonerte og mot dette huset i Os, der dei meiner valden skal ha funne stad.

Foto: Vegard Strønen / Varde Media

Politiet gjekk natt til 17. mai til aksjon mot ei adresse i Os sør for Bergen. Bakgrunnen

Politiet har forsegla døra til huset i Os

STENGT: Politiet har forsegla døra på huset i Os.

Foto: Vegard Strønen / Varde Media

var at ein mann vart funnen død i eit husvære i nabokommunen Bergen.

– Politiet vart tilkalla etter eit dødsfall. Mannen skal ha vorte utsett for vald nokre dagar før han døydde, seier politiadvokat Liv Giertsen til NRK.no.

Mann arrestert i Bergen

– I natt arresterte me ein mann i Bergen som er sikta for valden, seier Giertsen.

Politiet opplyser at den no avdøde mannen skal ha vorte utsett for vald på Amfi-senteret på Os ved 20-tida fredag 10. mai.

I tillegg skal mannen ha vorte utsett for vald i bustaden politiet aksjonerte mot i natt.

– Me kan ikkje svara på kva tilknyting den arresterte har til huset, seier Giertsen. Ho ønskjer heller ikkje å svar på kva form for vald mannen vart utsett for.

Ikkje sikta for dødsfallet

Politiet understrekar at mannen ikkje er sikta for å stå bak dødsfallet.

Mannen vert truleg framstilt for fengsling laurdag.

Politiet er svært forsiktige med å gå ut med informasjon i saka.

– Me kan ikkje seia så mykje meir førebels. Me må skaffa oss betre oversikt over saka først, seier politiadvokaten.

Begge mennene vert karakterisert som «godt vaksne».