Ein mann er pågripen mistenkt for å ha tent på ein fjøs i Djønno i Hardanger i natt. Politiet meiner denne brannen kan ha ein samanheng med brannane i same område tidlegare i haust.
BAKGRUNN:
– Den arresterte mannen er tidlegare avhøyrt som vitne i brannane 4. juni og 17. oktober. Han har vore på lista vår over personar me ønskjer å snakke meir med, seier etterforskingsleiar Bjørn Inge Aarsand.
Brannen i fjøset i natt blei raskt sløkt av eigar av fjøset og familien hans. Det skal ikkje vere skade på bygning, dyr eller personar.
Tredje brann i same område
4. juni i år brann fire bygg ned på Djønno i Hardanger. Då brannvesenet kom fram stod tre naust og ein einebustad i full fyr. 17. oktober byrja det brenne på same tomta i nybygget som var i ferd med å reisast etter at det førre brann ned.
I natt byrja det brenne på ny i same område. Like før klokka fire fekk politiet melding om at ein brannalarm var utløyst i ein fjøs på Djønno. Dei rykka ut saman med brannvesenet frå Odda, Voss og Bergen.
– Brannen blei raskt sløkt av dei som eig fjøsen. Familien som bur på garden observerte ein mann på området, og me har no valt å arrestert denne mannen, seier Aarsand.
Eigaren av garden er same person som vart råka av brannene 4. juni og 17. oktober.
Aarsand stadfestar at politiet ser ein samanheng mellom brannen i natt og desse brannane.
– Nærmar oss eit gjennombrot
Mannen som er pågripen og mistenkt for eldspåsetjinga i natt har forklart seg, men Aarsand ønskjer ikkje å kommentere kva som har komme fram i avhøyra på dette tidspunktet.
– Kva kan du seie om motivet for eldspåsetjinga i natt?
– Det kan eg ikkje kommentere no.
LES OGSÅ:
Politiet etterforskar saka vidare ut over dagen.
– Me vil halde fram med åstadsgransking. Krimteknikarar er på veg dit no, og utover formiddagen vil me setje den arresterte i avhøyr for å få avklart kva rolle han har hatt i brannen i natt.
– Det kan sjå ut som at me står framfor eit gjennombrot i etterforskinga av brannane og den situasjonen som har rådd på Djønno i ein periode. Det er veldig godt for folka der ute, seier Aarsand.