Hopp til innhold

Sjokkbrekk hjå urmakar - fekk med seg verdiar for fleire millionar

Politiet jaktar tre maskerte gjerningsmenn etter eit sjokkbrekk hjå ein urmakar i Bergen. – Eg trur dei har fått med seg varer for eit par millionar kroner, seier innehavaren. Politiet har slått distriktsalarm.

Slik så det ut etter gullsmedranet

KNUST: Innbrotstjuvane har knust ruter og forsynt seg frå dei mange montrane i butikken.

Det var klokka 02.44 at politiet fekk melding om innbrot på Lagunen kjøpesenter i Bergen. Iversen & Co – Ur og smykkar hadde fått besøk av frekke tjuvar.

Politiet etterforskar saka og krimteknikarar har sidan 05.30 jobba for å sikre spor på åstaden. Førebels er ingen personar arresterte.

Tre gjerningspersonar

– Det var ein vekter som oppdaga innbrotet. Det er ein butikk som ligg midt i senteret, dei har tatt seg inn via ei dør på nordsida, og knust seg inn hjå gullsmeden, seier operasjonsleiar Jan Steimler i Hordaland politidistrikt til NRK.no

Han fortel at det er tre personar som er observert gåande til senteret frå nord langs sporet til Bybanen.

– Vi er interesserte i tips frå publikum. Viss nokon har observert ein bil som har stått parkert eller som har køyrd frå nordsida av senteret, så ta kontakt, held Steimler fram.

Artikkelen held fram under biletet

Innbrot Lagunen

INNBROT: Politiet fekk melding om innbrotet klokka 02.44 natt til fredag.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Fanga på video

Han fortel at tjuvane har gått effektivt til verks.

– Dei har vore rimeleg kort tid inne i butikken, og dei har knust ein god del av montrar i butikken, forklarar Steimler. Politiet har ikkje oversikt over kor mykje som er tapt i ranet, men ein går utifrå at det er store verdiar.

Innbrotet er fanga av overvakingskamera, og gjerningsmennene er maskert med finlandshetter.

– Eit par millionar kroner

Robert Antonissen står utanfor butikken han eig saman med søstera Vibeche. Inne i butikken er det kaotisk og det er glasbrot overalt.

– Her har det vore eit slikt stormbrekk. Eg trur dei har tatt med seg varer for eit par millionar kroner. Dei har knust seks montrar, seier han til NRK.

Antonissen fortel at familiebedrifta har opplevd kring 40 innbrot sidan 1968.

Brukte slegge

Dei seier at tjuvane har brukt slegge for å knuse seg inn i butikken, noko politiet bekreftar.

– Eg måtte stålsette meg før eg gjekk inn her i dag, og eg gjekk roleg inn her. Det er jo fleire kilo med glasbrot her.

Han seier han håpar politiet klarar å finne ut kven det er ved hjelp av overvakingsvideoar. Antonissen fortel at heile kjøpesenteret har videoovervaking som går tilbake åtte døgn, slik at dei kan undersøkje om det har vore mistenkjeleg åtferd frå personar ved butikken dei siste dagane.

– Litt før klokka ni i går kveld så sat det ein kar med notisblokk på ein benk utanfor her. Han såg rett inn i butikken, fortel Antonissen.

Artikkelen held fram under biletet

Innbrot Lagunen

GLASBROT: Tjuvane har brukt slegge for å knuse seg inn i butikken.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Slått distriktsalarm

Det er Bergen sør politistasjon som har tatt over etterforskinga av saka. Sjef for politistasjonen, Morten Ørn, seier dei har slått distriktsalarm.

– Det vil sei at politidistrikta i Noreg er gjort kjent med saka, og grovt kva som har skjedd. Men vi har ikkje konkrete opplysningar å gå ut med, seier han til NRK.

– Vil det vera aktuelt for politiet å gå ut med overvakingsvideoen?

– Det er noko vi vurderer. Førebels meiner vi den videoen syner så lite detaljar at det vil føre til fleire ulemper enn nytte om vi går ut med den, svarar Ørn.

Vil ha tips

På spørsmål om politiet reknar tjuvane som profesjonelle, svarar Ørn at det er grunn til å tru at tjuvane er veldig godt førebudd.

– Dei er målretta, stjel dei dyraste varene og er ute av butikken att etter fem minutt.

Politiet er svært interesserte i tips i saka.

– Vi er interesserte i observasjonar i området rundt både før og etter innbrotet. Vi vil også høyre frå folk om dei har observert personar i Bergensområdet som har hatt vesker som liknar dei ein får på IKEA. Men i staden for at dei er blå, så har dei grøne og kvite ruter, avsluttar Morten Ørn.

Saka vert oppdatert