Hopp til innhold

Mann (62) funnen død med store hovudskader

Politiet etterforskar mistenkeleg dødsfall i Loddefjord. Den avdøde vart funne av sambuaren sin med store hovudskadar.

Krimteknikar på veg inn blokk i Loddefjord

MISTENKELEG DØDSFALL: Krimtekniknar på veg inn for å gjere undersøkingar i leilegheita i bustadblokka i Loddefjord.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tore Salvesen

STARTA ETTERFORSKING: Politistasjonssjef Tore Salvesen ved Bergen vest politistasjon.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Det skriv Bergens Tidende.

Krimteknikarar har i natt etterforska funnet av ein død mann (62) i ei blokkleilegheit i Loddefjord i Bergen.

Seint i går kveld kunne ikkje politiet sjå bort frå at mannen er utsett for noko kriminelt. Fleire personar har i natt vore i avhøyr med politiet, som etterforskar saka breitt.

Fekk melding om vald

Krimteknikar og innsatsleiar i samtale etter mistenkeleg dødsfall i Loddefjord i Bergen.

Krimteknikar i samtale med innsatsleiar før dei tekniske undersøkingane byrja fredag kveld.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Meldinga om funnet kom inn til politiet frå AMK. Dei rykka ut med fleire politipatruljar.

– Det er mogleg snakk om vald, fortalde operasjonsleiar Terje Magnussen til NRK like etter klokka 19.00 fredag.

Seinare fredag kveld var også på krimteknikarar og hundepatrulje på plass.

Har DNA frå blodspor

I oppgangen i blokka er det funne spor av blod. Politiet har sikra seg DNA frå desse spora, men kan ikkje seie om desse er knytt til dødsfallet. Etter kvart vart det sett opp sperringar utanfor inngangen på bustadblokka.

– Me gjer det for å sikre området i størst mogleg grad, i håp om å finne spor som kan gi oss svar på kva som kan ha skjedd, sa politistasjonssjef Tore Salvesen ved Bergen vest politistasjon til NRK klokka 22.00.

Politihundar markerte i terrenget ved eit busstopp like ved bustadblokkene og krimteknikarar sikra seg spor.

Den avdøde vart henta ut av bustadblokka klokka 01.15 ifølge TV2. Obduksjonen av mannen vil starta i dag. Det er venta at politiet gir ei oppdatering på status i saka seinare i dag.

Mistenkeleg dødsfall Loddefjord

Politiet sperra av området utanfor inngangen til bustadblokka i Vadmyra, slik at politihundar kunne gjere søk.