KLAR: Fredrik Nordkvelle kom til Brann frå Strømsgodset etter førre sesong.
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK
Hard motstandar
Brann har tapt tre av fire tippeligakampar så langt i sesongen. Haugesund har ikkje slått Brann før, men Haugesund er kjent for å vere ein hard motstandar når dei er på heimebane.
– Det vert ein tøff kamp, FKH er mellom dei sterkaste i ligaen på heimebane, seier Fredrik Nordkvelle.
– Skal kjempe
Han har likevel trua på Brann har gode sjansar til å sikre seg poeng mot naboane i sør.
– Me er godt førebudde, og veit kva dei er gode på. Me skal verkeleg kjempe for tre poreng, seier midtbanespelaren.
Brann ligg på ein 12. plass på tabellen, to plassar og to poeng under Haugesund.