Hopp til innhold

Enorm kontrakt til Kværner på Stord

– No skal flagget skal til topps, seier ordførar på Stord, Liv Kari Eskeland.

Edvard Grieg-plattforma
Foto: Kværner / Illustrasjon

Ei kontrakt frå oljeselskapet Lundin på 8 milliardar kroner, gjekk tysdag til Stord-bedriftene Kværner og Apply.

Med det får Kværner ei av sine største kontraktar noko sinne.

Jobb til 1650

– Me sprettar sjampanjeflaskene og ber inn på kaker. Dette betyr enormt mykje for lokalsamfunnet på Stord, og er heilt fantastisk, seier Eskeland.

Prosjektet vil på det meste sysselsette 1650 personar, og vil dermed skape mange nye arbeidsplassar i Stordområdet.

– Det er som å vinne eit verdsmeisterskap. No viser bedriftene her at dei er i verdsklasse på det dei driv med, seier Eskeland.

Kontrakten er på å bygge overstellet på Edvard Grieg-plattforma. Kværner har tidlegare fått kontrakten på å bygge understellet på plattforma. I tillegg skal bustaddelen av plattforma byggjast av Apply Leirvik.

Produksjon i Noreg

– Med denne kontrakten viser me at me framleis kan konkurrere med den utanlandske marknaden, og det er svært viktig, seier statssekretær i Olje- og energidepartementet, Per Rune Henriksen.

Storparten av produksjonen av den enorme plattforma skal gå føre seg i Noreg.

Edvard Grieg-feltet skal etter planen komme i produksjon på slutten av 2015, og Lundin Norway er operatør.