Hopp til innhold

Endå fleire må gå i FMC Technologies

FMC Technologies bestemte i dag at inntil 550 personar må gå i selskapet. – Inntil 200 av desse kan bli sagt opp på Ågotnes, seier direktøren.

FMC Technologies

INNTIL 550 MÅ GÅ: FMC Technologies oppjusterer no talet på kor mange som må gå i bedrifta.

I dag fekk dei tilsette på Ågotnes beskjed om at inntil 200 personar må gå frå service-delen i selskapet. Dei fleste av desse heldt til på Ågotnes i Fjell.

I sommar vart det klart at bedrifta måtte seie opp inntil 400 tilsette på landsbasis. No er talet oppjustert til 550.

– Me har ikkje nokon konkrete tal for kvar plass endå. Me jobbar no med å sjå på korleis me kan løysa dette på best mogleg måte, seier direktør for subsea services i FMC Technologies, Ove Magne Kallestad.

FMC Technologies har hovudkontor i Houston, USA. I Noreg er det om lag 3800 tilsette, fordelt på Kongsberg, Asker, Bergen/Ågotnes, Stavanger, Kristiansund og Florø.

– Trykkande stemning

– Det er ein veldig krevjande prosess for alle, seier Kallestad.

Til saman på dei ulike avdelingane innan teknologi, prosjekt og service vil inntil 550 personar måtte gå.

På Ågotnes er det no stor uvisse blant dei tilsette.

– Reaksjonane her er forventa. Folk er uroa over korleis dette treff den enkelte. Kvardagen og situasjonen her ute er veldig trykkande no.

I januar nedbemanna ein med 120 personar på Ågotnes, men det vert altså fleire kutt seier direktøren.

– Me håpar å vera ferdig med denne runden med nedbemanning innan utgangen av oktober.

Få oppdrag

Liten aktivitet og større konkurranse gjer at ein må nedbemanna ytterlegare.

– Me jobbar kvar dag med våre kundar for å sjå kva me kan gjera betre og meir effektivt. Å sjå på kva oppgåver me kan ta til oss. Det er ein kontinuerleg dialog og det er enkelte lyspunkt, men framleis er marknaden prega av at vedlikehald vert utsett og operasjonar i havet vert skyvd på.

På Ågotnes er det 1080 tilsette som jobbar både på offshore og onshore.

Eit par hundre tilsette på service dei andre stadane i Noreg. Men med flest tilsett på Ågotnes gjer dette at dei største kutta må takast det.