Hopp til innhold

Vil ha slutt på gratispassasjerar på ferjene

Frå nyttår kan det vera slutt på at elbilane får reisa gratis på ferjene i Hordaland. Fylkespolitikarane ønskjer ikkje å sponsa gratisturane.

Elbil

SLUTT PÅ FORDEL: Det ligg an til at eigarane av elbilar i Hordaland må byrja å betala full pris for å koma seg over dei mange fjordane i fylket.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Fylkeskommunen må neste år legga ut ein million berre på ferja mellom Bergen og Austevoll om elbilistane skal sleppa å betala. Det ønskjer ikkje det nye fleirtalet i fylkeskommunen å prioritera.

I budsjettavtalen mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, KrF og SV går ein inn for at dei med elbiler ikkje lenger får vera gratispassasjerar på fylkesvegferjene. Dermed kan den første av elbilfordelane stå for fall i Hordaland.

Dette gjeld ikkje ferjesamband på riksvegane, som til dømes Halhjem-Sandvikvåg.

– Uheldig signal

– Det er veldig rart og eit uheldig signal, seier elbilsjåfør og gruppeleiar for Miljøpartiet Dei Grøne, Tom Sverre Tomren.

Han reagerer sterkt på forslaget.

– Eg skjønner ingenting. Den økonomiske gevinsten er liten. Norge er ein suksesshistorie. Du kan lesa artiklar om den norske elbilutviklinga i utlandet, også skyt me oss sjølv i foten på denne måten.

Det er fylkesrådmann Rune Haugsdal som står bak forslaget. I år har fylkeskommunen måtta betala kompensasjon fordi dei mange elbilane fører til reduserte inntekter for reiarlaget som trafikkerer strekninga mellom Krokeide og Hufthamar.

Tom Sverre Tomren

DÅRLEG FORSLAG: Tom Sverre Tomren (MDG) meiner ein må ha noko å lokka bilistane med for å få dei til å velja elbil. Svaret er ikkje å fjerna fordelar, meiner han.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

– Elbilistane må ta sin del

Haugsdal meiner det ikkje er rett at fylkeskommunen skal betala for at elbilar tar ferje.

– Me ser at talet på dei som køyrer elbil aukar. Men Fylkeskommunen tek imot krav frå operatørane fordi dei ikkje får dekka sine kostnader, og me har ikkje råd til å dekka det. Difor synest me det er rimeleg at også elbil-bilistane byrjar å betala sin del.

Ein sjåfør med elbil skal no betala det same som ein fossilbil som har rabatt på ferja.

Aud Karin Oen frå SV køyrer óg elbil, men meiner det er på tide at elbilane tar sin del av rekninga for co2-utsleppa frå ferjen.

– Vi tenker at dei bilane som køyrer om bord på ferja er med på det utsleppet som ferja bidreg til. På eit tidspunkt må elbilane også byrja å betala for seg, seier Oen, som ikkje synst saka er noko tapt miljøsak for SV.

– Nei det er ikkje spesielt vanskeleg for oss å bli med på dette.

Aud Karin Oen

GREITT FOR SV: Aud Karin Oen (SV) ser ikkje problemet med at elbilistane må ta sin del av rekninga for ferjeutsleppa.

Foto: Kai Svellingen-Flatekvål

– Ei god investering

– Signala ein sender er at utslepp er heilt greitt, seier Tom Christer Nilsen frå Høgre.

Han meiner kompensasjonen fylkeskommunen pungar ut er ei god investering, så lenge fleire vel vekk fossilbilen.

– Den kompensasjonen er så liten i forhold til den totalt overføringa på 300 millionar til ferjedrift. Me får ikkje ekstra avgangar og høgare kvalitet på ferjetilbodet om elbilistane må betala. Dette gjer det berre mindre interessant å velja miljøvenleg.