Hopp til innhold

Stormen herjar på Vestlandet

Ekstremvêret «Nina» har slått til. Nesten 20.000 er utan straum, ferjer er innstilt og vegar er stengde. På Bergen lufthamn, Flesland får ingen fly verken ta av eller landa.

Svellingen Øygarden

STORM: Det bles kraftig heilt vest i fylket. Her frå Svellingen i Øygarden kommune.

Foto: Frank Robert Solbakk / 03030-tipser

Denne saka blir ikkje lenger oppdatert etter klokka 17.00. Følg det siste frå stormen i Hordaland i direktesenteret vårt:

Ekstremvêret «Nina» treff Vestlandet og det ser ut til at den treff Hordaland aller hardast. Meteorolog Anne Mette Olsen seier det kan bli den sterkaste stormen sidan 1994.

– Vi får vestleg sterk storm og til dels orkan på utsette stader. Eg vil anbefala på det sterkaste at folk held seg inne, seier Olsen til NRK laurdag morgon.

20.000 utan straum

I Hordaland er over nesten 20.000 kundar no utan straum. Dei aller fleste av dei som er råka bur i Øygarden og Fjell på Sotra. Det er mange utan straum i Os også, i tillegg til straumen er gått i fleire delar av Fana, Vaksdal, Samnanger og Masfjorden.

Også i Knarvik i Nordhordland har straumnettet fått problem.

– Det skuldast uvêret. Vi har folk anten på plass eller på veg, fortel kommunikasjonsrådgjevar Jarle Hodne i BKK.

Klokka 14.30 så har fleire på Sotra og i Øygarden fått straumen tilbake, men framleis rundt 1000 husstandar som er straumlause. Det er flest i Os no som er utan straum.

Ein tipsar har sendt oss denne videoen frå Alvheim på Øygarden.

STERK VIND: Det drar seg til i Alvheim i Øygarden. Video: Frank Robert Solbakk

Stengde fjellovergangar og stopp i flytrafikken

På fjellovergangane blir det meldt om vanskelege køyreforhold. Klokka 11.00 er dei fleste fjellovergangane i Sør-Norge heilt stengt:

  • Riksveg 13 over Vikafjellet vil ikkje bli opna i løpet av dagen
  • Riksveg 7 over Hardangervidda har hatt kolonne før i dag, men er no heilt stengt.
  • E134 over Haukelifjell og fylkesveg 50 Hol-Aurland er no også stengt.
  • I tillegg er E39 Nordhordlandsbrua no stengt.

– Vi har kalla ut ekstra mannskap. Slik det ser ut no så vil nok fleire fjellovergangar bli stengt når det blir verre utover, seier trafikkoperatør Lise Kristoffersen på Vegtrafikksentralen.

På Bergen lufthamn, Flesland får ingen fly verken lette eller lande.

Askøybrua under ekstremværet Nina

SVAI: Fleire som køyrde over Askøybrua fortalde at brua svaia godt i vinden.

Innstilte ferjer

Følgande ferjesamband er innstilte på Vestlandet klokka 12.30:

  • Boknafjorden på E39 i Rogaland mellom Mortavika og Arsvågen. Fjord1 melder at ein ikkje kan forvente opning i dag.
  • Leirvåg – Sløvåg på fylkesveg 57
  • Hufthamar – Krokeide på fylkesveg 546
  • Gjermundshavn – Varaldsøy – Årsnes på fylkesveg 48
  • Buavåg – Langevåg på fylkesveg 541
  • Halhjem – Sandvikvåg på E39 i Hordaland
  • Her finn du ferske vegmeldingar frå NRK Trafikk
Ekstremværet Nina treffer Skuteviken i Bergen
Foto: Merete Teigland Mellingen / 03030-tipser

Straum- og teleselskap i beredskap

BKK har ekstra mannskap på jobb som følge av den venta stormen.

– Det er fordi vi skal ha fleire folk til å ordna feil som me forventa vil komma. Det verste som kan skje er om uvêret blir så voldsomt at det ikkje er trygt for våre mannskap å ta seg fram og ordna feil, seier kommunikasjonsrådgjevar Jarle Hodne.

Også Telenor er budd på problem.

– Vi er godt skodde. Men blir det så ille som det kan bli, vil det få konsekvensar og då vil det ta tid å rydde opp i alt. Vi håpar å unngå større utfall i mobildekninga, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen.

Laster Twitter-innhold

Saka blir oppdatert!