Hopp til innhold

Eksplosjon på Radøy kan ha vore kortslutning

Innringar fortalde om flammar og kraftige smell på Radøy. Brannvesenet har ikkje funne nokon brann, men BKK mistenkjer at smellen kan stamma frå ei kraftlinje. Fleire hundre er utan straum i området.

Nordanger, Radøy

SISTE: Like før klokka 20.00 har alle straumkundane fått straumen tilbake, opplyser BKK.

Klokka 16.34 fredag ettermiddag rapporterte 110-sentralen om at brannvesenet er på veg til ein eksplosjon ved Slettevegen på Nordanger på Radøy.

Det er førebels få opplysningar i saka, men innringaren som kontakta brannvesenet skal ha rapportert om flammar på staden.

Kraftige smell frå skogen

– Brannvesenet er på staden, men kan ikkje sjå noko til nokon brann. Dei prøver no å få tak i personen som melde om den påståtte brannen, seier operasjonsleiar i politiet Terje Magnussen til NRK.no.

– Innringaren skal ha sagt at det var brann i skogen, og at han høyrde to kraftige smell, seier operasjonsleiaren.

Ifølgje brannvesenet er det truleg ei høgspentlinje som har kortslutta.

– Me har ikkje sett nokon synlege spor etter nokon brann, men BKK seier at dei har ein mistanke om at smellen kan stamma frå ei av deira høgspentlinjer, seier vaktkommandør ved 110-sentralen Torkjell Helle.

Straumbrot i området

BKK stadfestar overfor NRK at det kan dreia seg om kortslutning på ei høgspentlinje.

– Vi hadde eit straumbrot i området klokka 16.10. Vi har mannskap ute for å feilsøkja, seier pressekontakt Kirsten Øystese i BKK.

Om lag 700 mista straumen, men mange fekk straumen tilbake etter kort tid. Like før klokka 20 har alle husstandane fått straumen tilbake.

– Det var eit tre over linjene som ser ut til å ha vore bakgrunnen for straumstansen. Då kan det komma ei del lyd og gnistrar, det var nok dette som vart oppfatta som noko som minna om ein eksplosjon, seier Øystese.

Saka vert oppdatert.