Hordfast, som skal binda Bergen saman med Stord og Haugalandet, har fått ein prislapp på svimlande 39 milliardar kroner.
Vegprosjektet er ein del av den store draumen om ein ferjefri E39, som strekk seg frå Kristiansand til Trondheim.
Men fagfolka greier ikkje å verta samde. Vil Noregs dyraste vegprosjekt løfta heile Vestlandet, eller blir effekten høgast lokalt?
Små ringverknader
Bernt Sverre Mehammer i konsulentselskapet COWI har sett på ringverknadane av fjordkryssingsprosjektet mellom Os og Stord, og meiner det ikkje vil gi nokon stor vekst i dei to kommunane.
– Stord er litt for langt unna Os. Det er langt nok til at folk i liten grad kjem til å pendla mellom dei to kommunane, seier Mehammer.
Han har rekna ut at verdiskapingseffekten av ei utbygging av E39 vil bli på 20 millionar kroner per år, med ein noverdi på om lag 400 millionar kroner.
– Det er ganske lite i forhold til kostnaden på prosjektet, kommenterer Mehammer.
Tysnes best ut
Ei utbygging vil i all hovudsak gje effektar i den minste kommunen.
– Det er Tysnes som er den klare vinnaren. Det er kanskje ikkje med å bidra på at dette prosjektet er det mest samfunnsnyttige i landet, seier Mehammer.
Reknestykke til COWI står i skarp kontrast til funna til Torgeir Reve ved BI. Han meiner gigantprosjektet vil gje gevinst for store delar av Vestlandet – nesten uansett kor mykje som vert investert.
– Det vi veit er at effektiv infrastruktur har veldig stor betydning for verdiskapinga i landet.
– Vi har i våre analysar sett at folk toler cirka ein times reisetid. Om det er under ein time å pendla, så får ein samla arbeidsmarknaden. Næringslivet i Haugesund liknar på det i Stavanger, samleis er det med Stord og Bergen. Då vil ein få auka verdiskaping med ein større arbeidsmarknad, seier Reve.
– For mykje tran i reknestykka
Gigantprosjektet har sett alle norske reknemiljø i sving for å finna ut kor mykje folk og næringsliv vil tena på ein ferjefri veg langs kysten.
Harald Minken ved Transportøkonomisk Institutt meiner mange har putta alt for mykje tran inn i reknestykka sine.
– Dei er optimistiske med 10-gangaren og 100-gangaren. Det er i høg grad ei jakt på lønnsomheit. Alle saman må henga med og laga stadig meir oppfinnsame reknestykke.
Ordførar Kåre Martin Kleppe (H) på Tysnes, som naturleg nok er ein stor forkjempar for ferjefri E39, tykkjer det er krevjande at forskarane kjem fram til heilt ulike konklusjonar.
– Det blir vanskeleg å argumentere for samfunnsnytten når det er så enormt sprik i analysane.