Hopp til innhold

E39: – Urealistisk med byggestart i 2018

Det er heilt urealistisk med byggestart for Hordfast i 2018. Det meiner vegvesenet, som seier planlegginga av fjordkryssinga mellom Os og Stord ikkje er ferdig innan den tid.

Flytebru over Bjørnafjorden, E39

KAN BLI UTSETT: Vegvesenet meiner det ikkje er mogeleg å starte bygginga av Hordfast i 2018 som planlagt.

Foto: Illustrasjon / Global Maritime

Måndag foreslo transportetatane å utsetta prosjektet til 39 milliardar med seks år.

Likevel står dei største partia på Stortinget fast på byggestart i 2018.

– Absolutt. Den gongen vi begynte å snakke om byggestart i 2018, så var det var fundamentet for det faglege råd. Difor meiner eg det er viktig å halde fast med ambisjonen, seier Torill Eidsheim (H).

Sjølv om fjordkryssinga mellom Os og Stord vert stadig meir kostbar, held både Eidsheim og Magne Rommetveit frå Arbeidarpartiet fast på ambisjonen om at byggestart for ferjefri E39 over Bjørnafjorden i 2018.

– Eg synest det som har vore målet, framleis må stå fast. Før regjeringsvalet i 2013 blinka både statsministeren og KrF-leiaren ut 2018 som tidspunktet for byggestart, seier Rommetveit.

Solberg og Hareide

I 2013: Statsminister Erna Solberg og KrF-leiar Knut Arild Hareide ønska begge byggestart i 2018 før forrige regjeringsval. Her dreiv dei valkamp på Sandvikvåg ferjekai.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Det er urealistisk

Man regionvegsjef Helge Eidsnes meiner at ambisjonen om 2018 er urealistisk.

– Dette er eit svært omfattande vegprosjekt. Vi klarer ikkje å vere klar med planlegginga til då. Det har vi sagt heile tida, og har vore tydelege på at vi treng 2018 og mest sannsynleg også 2019 til planlegging, seier Eidsnes.

I tillegg meiner fagetatane som måndag la fram grunnlaget for nasjonal transportplan at det ikkje er realistisk å finna pengane som skal til før i 2024.

– Innanfor dei rammene som no er tilgjengeleg, og prioriteringane som ligg der. Slik vi vurderer det er det ikkje pengar i første fireårsperiode frå 2018.

– Uansvarleg å starte no

Marthe Hammer (SV) er overraska over at dei store partia heldt fast på byggestart 2018 – sjølv om vegvesenet meiner det er urealistisk både når det gjeld planlegging og realisering.

– Her er det mogeleg å snu. Det er bra at fagetatane har kome med eit meir realistisk kostnadsoverslag. Eg er einig i at det er uansvarleg å starte bygginga no. Det vil føre til meir trafikk og forureining, og i tillegg binde opp pengar som vi treng til utbygging av bybane, jernbane, rassikring og nye sykkelanlegg, seier Hammer.

Marthe Hammer

BØR SNU: Marthe Hammer i SV er imot Hordfast.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vil kjempe mot utsetjing

Næringsorganisasjonane aksepterer ikkje at ein skal venta i opp mot seks år.

Atle Kvamme i Bergen næringsråd er klar på at fjordkryssinga over Bjørnafjorden må inn igjen i den første fireårsperioden av nasjonal transportplan, og at spaden helst bør settast i fjorden i 2018.

– Statsministeren har lovt 2018, og det har også samferdsleministeren. Vi kjem til å stå på med alle andre næringsorganisasjonar for å få Hordfast inn igjen i budsjettet for første periode så fort som mogeleg, seier Kvamme.

Atle Kvamme i Bergen Næringsråd

VIL KJEMPE: Atle Kvamme i Bergen næringsråd vil kjempe for at 2018 framleis er byggestart for Hordfast.