Hopp til innhold

Mobilbruk under køyring gir alle dyrare forsikring

Dei som krasjar etter mobilbruk bak rattet oppgir ikkje årsaka til forsikringsselskapet sitt. Resultatet blir dyrare forsikring for alle.

Sjåfør leser tekstmelding

SKJER OFTE: Ei undersøking Tryg Forsikring har gjennomført viser at 55 prosent av dei mellom 23 og 35 år les tekstmeldingar medan dei køyrer bil.

Foto: Colourbox.com

I fjor var det 29.000 biluhell med materielle skadar i Hordaland, men ikkje mange melde frå at dei fikla med mobilen.

Arne Einar Brun

– UÆRLEGE: Kommunikasjonsrådgjevar Arne Einar Brun i Tryg Forsikring fortel at folk ofte ikkje er ærlege om skadeårsaka i skademeldinga.

Foto: Tryg Forsikring

Viss mobilbruk er årsaka til at ein krasjar lar ein vera å opplysa om dette til forsikringsselskapet. Dermed må me alle betala rekninga gjennom høgare forsikringspremiar.

Forsikringsselskapet Tryg har nyleg gjennomført ei stor undersøking om bruk av tekstmeldingar og sosiale medier bak rattet. Det er eit enormt sprik mellom undersøkinga og det folk skriv i skademeldinga.

– Me opplever at folk ikkje er ærlege når dei svarer i skademelding på årsaka til at skaden skjedde. Det er vel ikkje noko ein ønskjer å vera ærleg på, seier kommunikasjonsrådgjevar Arne Einar Brun i Tryg Forsikring.

Over halvparten tekstar medan dei køyrer

Folk NRK møter på gata i Bergen har delte meiningar om kor vanskeleg det er å la vera å svara på sms medan ein køyrer bil.

Det er veldig vanskeleg meiner ei kvinne. Ei anna synest det stort sett går greitt, men kan vera vanskeleg om ein ventar på ein sms om noko.

Undersøkinga til Tryg viser at heile 55 prosent av dei mellom 23 og 35 år tastar på mobilen medan dei køyrer bil.

Klar samanheng ifølgje internasjonal forsking

Det er ifølgje Vegdirektoratet klart at slik mobilbruk fører til ulukker.

– Det seier seg jo nesten sjølv at viss du bruker mobilen så tar du blikket bort frå det å køyra bil. Det finst ein god del internasjonal forsking på dette som viser ein klar samanheng, seier avdelingsdirektør Guro Ranes i Vegdirektoratet.

Trygg Trafikk kjenner også til undersøkinga om mobilbruk under køyring og er ikkje overraska over at det er så mange som bruker mobilen medan dei køyrer.

Dei kjenner til fleire dødsulukker der bilføraren hadde merksemda på mobilen i staden for på veg , har Mette Magnussen i Trygg Trafikk opplyst til NRK.

LES OGSÅ: Vil ha strengare reglar for mobilbruk i bil

– Me må skru opp forsikringspremien

Når folk hamnar i kollisjonar etter å ha sendt ei nødvendig tekstmelding, så held dei tett om det.

Viss dei fortel at dei krasja med mobilen i handa, så blir det langt mindre i forsikringsutbetaling. Konsekvensen av dette er at me alle må ta rekninga for dei uærlege.

– Ja, fordi talet på kollisjonar har jo samanheng med risikoen me tar på oss. Viss me betaler ut meir så må me skru opp forsikringspremien, så det går jo ut over oss alle saman, seier Arne Einar Brun.