Hopp til innhold

Dronar skremmer reinsdyr

Fleire og fleire filmar med dronar, og etter at reinsdyr vart filma frå lufta på Voss, så reagerer fylkesmannen i Hordaland. Men, lova mot motorferdsel i utmark gjeld ikkje dronar.

Fra Youtube.

REAGERAR: Fylkesmannen likar dårleg at reinsdyr blir skremt av dronar på fjellet. FOTO: JØRGEN EIDE/FREDRIK BYE

– Der ser me reinsdyra, eg ser òg nokre kalvar her, seier Øistein Aasland hjå Fylkesmannen i Hordaland når han ser gjennom dronefilmen som har blitt lagt ut på Youtube.

Videoen han ser på viser fjell og natur på Voss, og filmen er lagt ut på Youtube.

Fotografen har filma Gråsia mellom Vangsvatnet og Hardangerfjorden, og på filmen spring reinsdyr av garde. Aasland likar ikkje det han ser.

– Dei har ei drone som heng over seg, dei ser vel for seg at dette er ein stor rovfugl, og dei flyktar nok for å komme unna, seier Aasland.

– På denne tida som denne filmen er tatt opp, med kalvar til stades og slikt, så er det veldig sårbart for reinsdyra, seier han.

Saka held fram under bilete.

Drone

SKREMMER REINSDYR: Ei slik drone kan skremme reinsdyr, meiner fylkesmannen i Hordaland.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

– Meir skremmande enn enkeltperson

På filmen får ein sjå at reinsdyra spring vekk, at dyra stoppar og ser opp på dronen. Dei spring så i ring, før dei spring vidare.

– Drone er meir skremmande for reinsdyra enn det ein enkeltperson til fots eller på ski er, seier Aasland.

Fotografen som har laga og publisert filmen vil ikkje bli intervjua av NRK. Han seier likevel at reinsdyrflokken sjølvsagt vart litt skremt av dronen, men at det ikkje er skadeleg for flokken at han let dronen fly over flokken i maks tre minutt.

Han viser til at i periodar stod dyra i ro medan han filma.

Bryt ikkje lova for motorferdsel

Eit hol i lovverket gjer at lova mot motorferdsel i utmark, som til dømes gjeld snøscooter, ikkje gjeld for dronar.

– Det er eit hol i lovverket, fordi då motorferdselslova kom, så fanst det nærast ikkje dronar, og det har ikkje blitt tatt opp i lovverket, seier Aasland.

Ei anna lov krev derimot at alle går forsiktig i naturen. Ein skal særleg vise omsyn for ville dyr som kan bli skremt.

– Naturmangfaldlova har ein paragraf for aktsemd. Både dei som køyrer dronar, og oss andre som er ute og går i naturen må opptre aktsamt overfor naturen, og då særleg vilt som kan bli skremt, seier Aasland.

Om reinsdyrflokken sør i Voss kommune er vill eller tam, er noko som landbruksdepartementet no vurderer.

– Aukande problem

Aasland fryktar at hobbyfotografering som uroar reinen eller ville dyr generelt vil bli eit aukande problem når fleire skaffar seg dronar.

– Eit aukande problem vil det bli jo fleire dronar som finst ute blant folk, men det kan også vere ein nyttig reiskap dersom denne blir brukt på den rette måten, seier Aasland.

Vil du seie det var lite omtenksamt å filme reinen på denne måten?

Ja, det å heilt tilfeldig komme på ein liten reinsflokk, det er jo eigentleg stor stas. Det er noko alle ville sett pris på, men det då å byrje å følge etter er ganske uheldig, seier Aasland.

– Det gjeld om det er til fots eller ski, eller med dronar, eller anna motorisert ferdsel, seier han.