Fransk politimann pågrepet på Voss - Politiet arresterte ein mann ved eit bustadhus på Voss i morgontimane torsdag. - Foto: Foto: Ørjan Brattetveit / Avisa Hordaland

Politiet arresterte ein mann ved eit bustadhus på Voss i morgontimane torsdag.

Foto: Ørjan Brattetveit / Avisa Hordaland

Drapsmistenkt politimann tatt i væpna aksjon på Voss

Ein fransk politimann som er mistenkt for å ha drepe sambuaren sin, er pågripen i huset til ei kvinne på Voss.

Den 46 år gamle politimannen er etterlyst for drap på den 44 år gamle sambuaren sin i Grenoble i Frankrike 11. april. I dag tidleg vart han pågripen i ein væpna politiaksjon på Voss.

Store styrkar

Gustav M. Landro - Politioverbetjent Gustav M. Landro - Foto: Steinar Nedkvitne /

Politioverbetjent Gustav M. Landro

Foto: Steinar Nedkvitne

Politiet meiner den franske politimannen skaut og drap sambuaren sin med fleire skot med eit tenestevåpen.

Deretter stakk han av med bilen hennar og flykta til Danmark via Sveits før han kom til Noreg.

Onsdag kveld fann Hordaland politidistrikt den etterlyste bilen på Voss.

Både Beredskapstroppen frå Oslo og lokale og sentrale gissel- og kriseforhandlarar bistod i den væpna politiaksjonen mot huset i morgontimane torsdag.

– Me hadde store styrkar av godt trente politimenn. Mannen kom ut og vart arrestert utan dramatikk, fortel politioverbetjent Gustav M. Landro i Hordaland politidistrikt.

Heime hjå kvinne på Voss

Franskmannen var på besøk hjå ei kvinne på Voss då han vart arrestert.

– Det er så langt ikkje indikasjonar på at dei som bur i huset er involverte i saka, seier Landro.

– Er det ein kjærast?

– Nei, den relasjonen veit me ikkje så mykje om, og me har ingen grunn på noverande tidspunkt til å tru det.

Kvinna har status som vitne og vert avhøyrt av politiet på Voss.

Politiet har beslaglagt eit våpen, som mest truleg er tenestevåpenet mannen tok med seg då han flykta frå Frankrike i bilen til den drepne kvinna.

– Krydde av politifolk

I nabohuset la ikkje Ranveig Fjose Crook merke til politiaksjonen før han nesten var over. Då ho gjekk ut av huset, oppdaga ho mange sivile politibilar i nabolaget.

– Det krydde av politifolk og hundar rundt dette huset. Dei fjerna ein sølvgrå liten bil, fortel Fjose Crook, som ikkje såg kvar bilen var registrert.

Fjose Crook har ikkje helst på kvinna som bur i huset der mannen vart arrestert.

Inngangsdør drept kvinne i Frankrike - Den 44 år gamle sambuaren til den pågripne politimannen vart funnen drepen i dette huset i landsbyen La Motte-Servolex nord for Grenoble. - Foto: FRFT3 /

Den 44 år gamle sambuaren til den pågripne politimannen vart funnen drepen i dette huset i landsbyen La Motte-Servolex nord for Grenoble.

Foto: FRFT3

Skoten fleire gonger

Ifylgje den franske avisa Le Dauphiné Libéré skal det ha vore ein konflikt mellom den pågripne politimannen og sambuaren for to veker sidan, og mannen skal ha flytta ut før drapet.

Påtaleansvarleg i Chambery, Jean-Pierre Valensi, opplyser til avisa at kvinna vart skoten fleire gonger i hjarteregionen og at det var dottera i huset som fann ho.

Den pågripne politimannen var sjefsbrigader i Grenoble. Han skal ha vore tilsett i politiet i meir enn 15 år.

– Han var ein flink politimann. Me kjende til familieproblema, men er veldig overraska over at han kan ha gjort noko slikt, seier ein kollega til TV-kanalen France 3.

Varetektsfengsling i fire veker

Franskmannen skal ha vore i Hordaland fleire gonger før, og han skal også snakka litt norsk.

Mannen er sendt til Bergen og vert framstilt for varetektsfengsling i Nordhordland tingrett fredag morgon.

– Me vil be om fengsling i fire veker i påvente av utlevering, seier politiinspektør Sidsel Isachsen i Hordaland Politidistrikt.

Isachsen seier det er usikkert kor lang tid det vil ta før mannen vert sendt ut av landet.

– Dersom han samtykker til utlevering, så vil dette gå ganske fort. Dersom han ikkje gjer det, så vert det ein meir omstendig prosess, og det vil gå noko lengre tid, seier ho.

NRK.no kjem med meir

Skulestadmoen - Her i Skulestadmoen på Voss arresterte politiet den franske drapsmistenkte. - Foto: Arnstein Karlsen /

Her i Skulestadmoen på Voss arresterte politiet den franske drapsmistenkte.

Foto: Arnstein Karlsen