Hopp til innhold

Desse ungdommane har dei friskaste tennene

Kun 18 prosent av landets ungdommar har aldri hatt hol i tennene. Verst er det i Nord-Noreg og på Vestlandet. Sjekk ditt fylke her!

Tannhelse

STORE VARIASJONAR: SSB har kartlagt tannhelsa til 18-åringar i heile landet. Det er stor forskjell frå fylke til fylke.

Foto: Colourbox.com

Ikkje alle 18-åringane i landet er like flinke med tannpussen. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Kun 18 prosent av 18-åringane i Norge har aldri hatt hol i tennene i løpet i livet.

På botn ligg av landstatistikken ligg Hordaland saman med Troms og Finnmark.

  • Sjekk ditt fylke i tabellen lenger nede.

– Eg syns talet er for lågt. Det kunne vore høgare, kommenterer tannpleiar Bente Bakke på Os tannklinikk.

Gløymer tanntråd

Ho er ikkje imponert over tannhelsa til 18-åringane og ho ser kva ungdommen gløymer.

– Det er det at dei ikkje gjer det reint mellom tennene. Dei gløymer å bruka tanntråd.

Dei flinkaste ungdommane i landet er held til i Hedmark, der 26 prosent av 18-åringane aldri har måtta bora hjå tannlegen.

Bente Holmgren

HO HAR RÅD: – Det som er sunt for kroppen, er ofte sunt for tennene også, seier overtannlege Bente Holmgren.

Foto: Marita Skeie / NRK

Den dårlegaste utviklinga er det Sør-Trøndelag som har hatt. Der 26 prosent av ungdommane i 2010 aldri hadde hatt hol i tennene, har det talet gått ned med ni prosentpoeng berre to år seinare.

– Puss tennene

Overtannlege i sentrum tannhelsedistrikt i Bergen, Bente Holmgren, håpar tala vil betre seg.

– Her i Hordaland har vi enno ikkje nådd målet om nå 20 prosent. Så vi ser jo at det kan bli betre, vi har ein jobb å gjera.

Ho har fleire råd til ungdommane:

– Det som er sunt for kroppen, er ofte sunt for tennene også. Puss tennene to gonger dagleg, faste måltid og sunt kosthald. Og bruk fluor, rår Holmgren.

Sjekk tala for ditt fylke

 

2010

2011

2012

 

Utan karies

Utan karies

Utan karies

Østfold

18

20

21

Akershus

20

22

21

Oslo

20

22

21

Hedmark

24

25

26

Oppland

17

16

16

Buskerud

19

20

19

Aust-Agder

14

18

18

Vest-Agder

18

16

16

Rogaland

12

14

15

Hordaland

12

15

15

Sogn og Fjordane

19

20

21

Møre og Romsdal

13

14

17

Sør-Trøndelag

26

21

17

Nord-Trøndelag

14

13

16

Troms

11

12

13

Finnmark

8

9

11

Vestfold

15

16

17

Nordland

15

16

15

Telemark

15

18

18

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: SSB