Hopp til innhold

Desse skapte problem på Mø(øøø)vik

I dag tidleg vart det litt av ei villfaring då ei ku og to kalvar hadde rota seg inn på vegen på Møvik på Sotra.

Ku med kalv

MIDT I VEGEN: Ei ku og ein kalv stengde vegen i dag tidleg.

Foto: Tore Hovland

Klokka 05.48 fekk Hordaland politidistrikt melding om at vegfarande måtte vere forsiktig på fv. 559, fordi ei ku og to kalvar gjekk i vegen på Møvik i Fjell kommune på Sotra.

Dette skapa stor engasjement blant NRK-Hordaland sine lyttarar, som ringde inn og fortalde om dyra som stengde vegen.

Laster Twitter-innhold

Ein halvtime seinare fekk politiet tak i rett bonde og gitt beskjed om villfaringa. Bonde og eigar Jan Bjarte Fjell måtte då ut for å prøve å redde kyrne som er av type skotsk høglandsfe.

– Dei vart sist sett fint på beite i går kveld, men dei har altså rømt og gått i alle fall seks kilometer i natt. Dei går til vanleg ute i det fri, men det er ikkje vanleg at dei går så langt vekk, seier Fjell.

– Kva tenkte du då du høyrde om dette?

– Eg tenkte at eg håper ikkje eg må på radio, humrar Fjell.

Ville heim igjen

– Eg henta dei på laurdag, så eg har berre hatt dei i fem dagar. I byrjinga søkjer dei heim igjen før dei slår seg til ro. No har vi i alle fall fått to av dei ut av vegen, men framleis saknar vi ein kalv, seier Fjell.

Ku og kalv på Møvik

VAR I VEGEN: Det vart redningsaksjon i dag tidleg då ei ku og to kalvar hadde rømt.

Foto: Tore Hovland

Medan NRK snakkar med Fjell er han og ein kompis i gang med redningsaksjonen.

– No er det berre å gå med dei heim igjen, men dei går ca. tjue kilometer i timen, så det går fort med dei. Så får vi sjå om vi finn den siste, legg Fjell til.