Hopp til innhold

Desse samebileta er heilt unike

Amatørfotograf dokumenterte på slutten av 1800-talet den samiske kulturen og folket i Kautokeino. I dag er biletsamlinga ein del av UNESCO si verdsarvliste.

Anna Aslaksdatter Gaup, Anna Johnsdatter (Jonsdatter) Sernby (Somby)"
Foto: Sophus Tromholt / Saml

– Vi er stolte over at vi får ta vare på og formidle desse bileta, seier Marthe Fjellestad, universitetsbibliotekar og kurator ved Universitetet i Bergen.

I dag er det samane sin nasjonaldag, og ein av dei viktigaste biletsamlingane av urbefolkninga finn du på Universitetet i Bergen.

Biletsamlinga «Billeder frå Lappernes Land», av Sophus Tromholt, inneheld landskap frå Finnmark og Finland, skildringar av livet i Kautokeino og portrett tatt i åra 1882–1883.

Nordlysforskar

Tromholt var ein norsk-dansk nordlysforskar, som i 1882 reiste til Finnmark for å forske på nordlyset. På grunn av dårleg teknologisk utstyr, var det ikkje mogleg å registrere nordlyset fotografisk.

Difor byrja han å portrettere og dokumentere samane sitt liv i Kautokeino i staden for. Biletsamlinga er ikkje stor, men unik. Bileta kan ein sjå i Universitetsbiblioteket sin digitale database (ekstern lenkje).

Les også: De feirer samene seks hundre mil fra Norge

Ei viktig samling

– Det som er så unikt med desse bileta er at Tromholt ikkje berre dreiv med kulturdokumentasjon, han tok også portrettfoto. Det var ikkje vanleg på denne tida. Dei aller fleste bileta har også fullt namn av dei fotograferte, seier Fjellestad.

I 2013 vart biletsamlinga tatt opp på UNESCO si verdsarvliste, Memory of the World, som skal verne og synleggjere verdas kulturarv. Dette er den fyrste norske biletsamlinga på lista.

I grunngjevinga fokuserer Unesco på den politiske og historiske verdien bileta har.

«Disse portrettene er unike i sitt individualistiske og menneskelIge utgangspunkt, de viser samefolket som noe mer enn rasebaserte stereotyper og eksotiske turistobjekter. Bildene er først og fremst en kilde for den internasjonale interessen for urfolks kultur og fremstillingen av urfolk som "annerledes"».

Les også: – Pikene glemte å skravle da de så samedrakten hans