Hopp til innhold

Desse sakene kan avgjere valet i Fjell

I Fjell rasar debatten om kommunesamanslåing og utbygging av sentrum. Sjå oversikta over nokre av dei viktigaste sakene her.

Sotra kystby

SOTRA KYSTBY: Ei av dei viktige sakene i Fjell vil vere Kystbyen som omfattar industriparken, idrettsanlegget og turområdet i sør, via Sartor Storsenter til Fjell rådhus og helselandsbyen.

Foto: Mir/Liegruppen

Vallogo

Utvalet bygger på kva partia har svart i NRKs Valgomat, partiprogramma, samt vurderingar av politiske journalistar i NRK.

1. Utbygging av Straume

Fjell er ein kommune i sterk vekst, og mykje av utviklinga skjer på Straume. For mykje, meiner nokre.

Fleire parti, mellom anna Ap, Frp, SV og Venstre meiner kommunesentrumet har fått for mykje av investeringane. Medan Høgre saman med sentrumspartia KrF og MDG er tydelege på at utviklinga av Straume bør prioriterast.

Det er også usemje kring korleis utbygginga har skjedd. Kommunen har mellom anna fått kritikk for å ha fylt steinmassar i Straumesundet for å gje plass til bustadar og næringsbygg.

LES OGSÅ: Naust fekk nei - 200 bustadar fekk ja

Sotra kystby

SOTRA KYSTBY: Kystbyen vil omfatte industriparken, idrettsanlegget og turområdet i sør, via Sartor Storsenter til Fjell rådhus og helselandsbyen.

Foto: Link Signatur/Mir

2. Sotrasambandet

Ny bru mellom Fjell og Bergen vert av alle partia løfta fram som den viktigaste saka for kommunen. Stridsspørsmålet dreier seg om kor vidt ein skal innføre ein høg bompengesats for å sikre Sotrasambandet så raskt som mogleg.

Sentrumspartia i Fjell ved KrF, Venstre og MDG, samt Ap er klare på at høge bompengeinntekter må til, medan Frp, Høgre, SV, Sotralista og Kystpartiet ikkje vil gå med på ein høg bompengesats.

LES OGSÅ: Alt om Sotrasambandet

Sotrasambandet

NY BRU SØR FOR DEN GAMLE: Slik er det meininga at den nye Sotrabrua vil ta seg ut når den står ferdig.

Foto: Statens vegvesen

3. Eigedomsskatt

Fjell har ikkje eigedomsskatt i dag, men vurderer å innføre dette for næringsbygg frå neste år. For at vekstkommunen skal få betre råd, meiner venstresida ved Raudt og SV, samt MDG og Venstre at kommunen også bør innføre eigedomsskatt for private bustader.

Høgresida ved Frp, Høgre og Sotralista, samt Ap og KrF er derimot sterkt i mot eigedomsskatt for private bustadar. Fleire av partia ønskjer å vente med denne saka til etter ei eventuell kommunesamanslåing.

4. Kommunesamanslåing

Medan regjeringa ropar på større kommunar, har Fjell enno ikkje avgjort kor vidt dei vil stå åleine eller slå seg saman med nabokommunar.

Både Øygarden og Sund vil greie ut ei samanslåing med Fjell, og det er truleg dette alternativet ein vil lande på dersom kommunen ikkje vel å bli ståande åleine.

Høgre og KrF, Sotralista og Ap ønskjer ei samanslåing. Frp, Venstre og Senterpartiet meiner saman med SV og Raudt at Fjell bør bli ståande som eigen kommune.

LES OGSÅ: Alt om kommunesamanslåing i Hordaland

5. Ny ordførarkandidat for Høgre

Eli Berland (H) har sete som ordførar i Fjell sidan 2010, men må i år vike av for Tom Georg Indrevik (H) som tek over som Høgres ordførarkandidat.

Høgre har i mange år vore det største partiet i Fjell, og meiner sjølve at fornying gjennom ein ny ordførarkandidat må til. Men Indrevik må klare å mobilisere veljarane, og sikre støtte hos KrF, Venstre og Sotralista, som kan avgjere om Høgre held på posisjonen i kommunen.

Tom Georg Indrevik

NY KANDIDAT: Tom Georg Indrevik (H) har tatt over som ordførarkandidat for Høgre.

Foto: Ine Eftestøl / NRK