Klokka 18.00 i kveld samla bebuarar på Møhlenpris og Nygårdshøgda seg i Nygårdsparken, der dei aksjonerte og heldt appellar. 200-300 personar hadde møtt opp då demonstrasjonen starta.
Folk på Møhlenpris og Nygårdshøgda reagerer sterkt på at det skal ha vore ei gruppevaldtekt i nærområdet deira i helga.
Laurdag ettermiddag
på Marineholmen like ved Nygårdsparken.Store delar av rusmiljøet i Bergen held til i delar av Nygårdsparken. Bebuarar rundt parken har lenge vore uroa for situasjonen i parken, og hendinga i helga blei ein utløysande faktor til krava som blei stilt i kveld.
– Me ønskjer å setta fokus på den situasjonen me etter kvart finn uuthaldeleg i tilknyting til å vera bebuar ved Nygårdsparken, seier Synnøve Fluge som er talsperson for bebuarane rundt parken.
Vil ha konkrete tiltak
«Trygghet på Møhlenpris nå» og «Stans lovløsheten i parken!» er bodskapen til dei som deltar i demonstrasjonen måndag kveld.
– Me ønskjer at politikrane og politiet skal setta seg ned og komma med heilt konkrete tiltak til korleis ein kan handtera den etter kvart så uuthaldelege situasjonen som me ser i Nygårdsparken no, forklarer Fluge.
– Korleis er det å leva som nabo til Nygårdsparken?
– Me føler at me ikkje lenger kan bevega oss fritt som me ønskjer i området me bur i.
Demonstrantane gjekk gjennom Nygårdsparken og stoppa då dei kom til den delen av parken der store delar av rusmiljøet i Bergen held til. Der blei det halde appell før dei gjekk vidare til Universitetet i Bergen.
LES OGSÅ: