Hopp til innhold

Dei Grøne sjokkerer i Hordaland

Miljøpartiet Dei Grøne gjer si beste måling nokon sinne. Stormar forbi SV-leiar Audun Lysbakken, som er ute av Stortinget.

Tom Sverre Tomren

AVANSERER: Dei Grøne sin listetopp Tom Sverre Tomren gjer si beste måling nokon sinne.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Med 6,1 prosent oppslutnad gjer Miljøpartiet Dei Grøne eit kraftig byks mot fast plass på Stortinget frå Hordaland.

Det viser Respons Analyse AS sitt nye partibarometer laga for Bergens Tidende. Partiet har aldri gjort ei liknande måling i Hordaland.

Audun Lysbakken

UTE: Audun Lysbakken når ikkje opp i målinga og hamnar på 3,7 prosent.

Foto: NRK

På målinga er partiet større enn både Senterpartiet, Venstre og SV. SV sin partileiar er ute av Stortinget på målinga.

Med solide målingar også i hovudstaden luktar miljøpartiet etter alt å dømma på sperregrensa, som kan sikra fleire mandat for partiet.

– Skuffa om eg ikkje kjem på Stortinget

Listetopp for Dei Grøne i Hordaland, Tom Sverre Tomren, førehandsrøysta på rådhuset i Bergen torsdag. Då var han svært oppløfta over dei gode målingane dei siste tida.

– Slik som situasjonen er no, vert eg faktisk skuffa om eg ikkje hamnar på Stortinget, seier soknepresten som har kasta seg inn i kampen om ein plass på Stortinget.

Torsdag fortalde NRK.no at miljøpartiet dei siste vekene har stole veljarar frå alle andre parti på Stortinget.

Dei store krympar

Det er dei store partia som har størst tilbakegang i målinga til Bergens Tidende. Arbeidarpartiet greier ikkje og vinna terreng og går tilbake til 23,5 prosent. Høgre på si side går tilbake med 4,3 prosentpoeng og ligg med 34,4 prosent oppslutning. Det er over 14 prosentpoeng betre enn ved valet i 2009 i Erna Solberg sitt heimefylke.

Framstegspartiet slit på målinga og har 12,7 prosent oppslutnad.

Venstre, som mista sitt fylkesmandat med Lars Sponheim sin sorti i 2009, er inne på Stortinget i målinga.

Viser potensial for miljøpartia

Trine Skei grande Terje Breivik

INNE: Terje Breivik frå Venstre er inne på Stortinget i målinga, men vert forbigått av Dei Grøne. Her er Breivik saman med Venstre-leiar Trine Skei Grande.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB Scanpix

Førstekandidat for Venstre Terje Breivik meiner framgangen til Miljøpartiet Dei Grøne viser at det er eit større potensial for dei etablerte miljøpartia.

– Det er i utgangspunktet bra at mange meiner at miljø og klima er viktig i valkampen. Men eg håpar jo at folk vil sjå at me har ei pakke som i større grad sikrar velferd, næringsutvikling og velstandsutvikling, seier nestleiaren i Venstre.

Målinga til Bergens Tidende har ikkje fleire enn 736 respondentar, noko som gjer at det heftar ein del uvisse rundt tala.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.