I nitida prøve eit helikopter frå Airlift å fly frå Kinsarvik for å hente med forsyningane til Gullbrå, men måtte snu like før Voss på grunn av tette snøbyger og dårleg flyvær.
Like før klokka tolv lukkast derimot eit helikopter frå Fonnafly med å lande i den isolerte bygda. Dei 28 innbyggjarane har dermed fått etterlengta forsyningar med mat og medisinar etter snart ei veke i isolasjon frå omverda.
Krisemøte
I går var det krisemøte i Vaksdal kommune om situasjonen for dei 28 personane i Gullbrå-bygda i Eksingedalen som har vore isolerte på sjette døgnet, etter at det rasa over fylkesveg 322 ved Trefallstrand som er einaste veg til bygda.
På møtet vart det bestemt at det skulle fly inn mat og medisinar til innbyggarane, sidan det er fare for nye ras og uvisst når vegen kan opnast igjen.
– Det er hardføre folk som bur på Gullbrå, men dei treng forsyningar, dei og. Vi vil prøve å få inn matvarer og medisinar i morgon, sa ordførar Eirik Haga etter møtet.
Forsyningane skulle fraktast inn med helikopter over Trefallsvatnet.
- SJÅ OGSÅ:
Har rydda klar landingsplass
– No byrjar vi å bli litt leie av å vera innesperra her, men vi har det bra etter forholda, seier Frøydis Gullbrå til NRK.no tysdag morgon.
Ho er ein av dei 28 personane som har vore isolerte sidan onsdag.
Gullbrå og nokre andre innbyggjarar har rydda ein snuplass klar til helikopteret som skulle kome inn med forsyningar i dag.
– Landingsplassen er klar, så vi får håpe dei kan fly inn og levere ting til oss, seier Gullbrå.
– Kva håper du helikopteret har med til dykk?
– Det blir spennande og det er nesten som ei overraskingspakke, men eg har forstått at det skal vere basisproviant som vi skal fordele her oppe. Litt frukt og grønt har eg veldig lyst på då, det manglar eg her i huset, seier Gullbrå.
SJÅ OGSÅ:
Ny vurdering torsdag
På krisemøtet måndag vart det slått fast at faren for nye ras er overhengande, og at det skal takast ei ny vurdering på om vegen kan opnast torsdag.
Haga understrekar at det ikkje er nokon kritisk medisinsk situasjon i bygda, og fortel at skuleborna får undervisning over Internett.