Hopp til innhold

Dansk turgåar (44) henta ned frå fjellet

Den danske turgåaren som var sakna på Hardangervidda skal ha søkt ly under ein stein i natt. No er han henta ned frå fjellet med helikopter.

Leiteaksjon Hardangervidda

LEITEAKSJON: Røde Kors har leia aksjonen frå helikopterbasen i Kinsarvik. Stig Hope frå Kinsarvik Røde Kors (t.v.) og områdeleiar Bjørn Arild Fjellsbø.

Foto: Røde Kors

– Han er vaken, men nedkjølt. Det er ikkje flyvêr, så redningsmannskapa tek mannen med seg til fots til turisthytta på Stavali, sa operasjonsleiar Terje Magnussen i Hordaland politidistrikt til NRK.no i føremiddag.

På grunn av dårleg mobildekning i området har ikkje operasjonssentralen i Bergen så langt detaljar om tilstanden hans.

Mannskap frå politiet, Røde Kors og Norske Redningshunder deltok i leitinga etter den 44 år gamle mannen, som blei meldt sakna i går kveld.

Krevjande leiting

– Han er prega av å ha vore ute ei natt i dårleg vêr på fjellet, seier områdeleiar for Røde Kors i Hardanger, Bjørn Arild Fjeldsbø til NRK.no.

Har har styrt 13 leitemannskap frå Røde Kors som har delteke i leitinga mellom Stavali og Torehytten.

– Han blei funnen i terrenget nær stien, og skal delvis ha søkt ly under ein stein, seier Fjeldsbø.

– Korleis har leiteforholda vore?

– Krevjande. Det er store avstandar. Det var fem-seks timar å gå for å koma inn til leiteområdet. Dessutan var det dårleg sambandsdekning, tett skodde og låg temperatur, seier Fjeldsbø.

Han opplyser at dei ventar på at skodda skal letta. Eit helikopter i Kinsarvik står klart til å fly opp og henta turgåaren ned.

–Vi håpar på ei lysning snart, seier han.

Klokka 11.19 melder politiet på Twitter at turgåaren er flogen ned frå fjellet.

Røde Kors opplyser at han er flogen ned til Kinsarvik, og får hjelp av helsepersonell på staden.

Leiteaksjon etter dansk turgåar

STAVALI: Den danske turgåaren skulle ha kome fram til Stavali sundag ettermiddag. Han gjekk frå Torehytten tidlegare på dagen saman med ein kamerat, men dei skilde lag undervegs mot Stavali.

Foto: Skjermdump fra Google Maps

Dårleg vêr

– Det er berre tre grader, regn og vanskelege vêrforhold, sa operasjonsleiar Erik Gjesdal i Hordaland politidistrikt til NRK.no tidlegare i dag.

Den 44 år gamle mannen starta frå Torehytten ved Hårteigen i Ullensvang herad sundag klokka 10.30 saman med ein annan dansk mann.

Dei to mennene skilde lag undervegs. 44-åringen skulle vore framme ved Stavali sundag ettermiddag i 16.30-tida, ifølgje politiet.

Kameraten melde frå til politiet klokka 22.43 sundag kveld om at 44-åringen ikkje var komen fram.

Sett i går kveld

–Leitemannskapa er no på veg til fots inn til eit området der mannen skal ha blitt sett av andre turgåarar i 19-tida i går kveld. Denne staden er utgangspunktet for søket, sa operasjonsleiaren i politiet like før klokka 6 i dag tidleg.

Klokka 6.30 var leitemannskapa framme ved Stavali.

– Mannskapa kom opp til Stavali-hytta klokka 6.30 og har starta søket, sa redningsleiar Andreas Bull ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge til NTB tidlegare i dag.

Det dårlege vêret gjorde at det ikkje var aktuelt å søkja med helikopter.

Saka blir oppdatert!