Kyrkja er ikkje lenger det naturlege valet når forelska par skal gifta seg. Andre former for vigsel blir stadig meir populært.
Human-Etisk forbund i Hordaland går ein travel sommar i møte. Det vanlege for dei har vore om lag 45 vigslar årleg, men i år blir det over 70.
– Ein samlar familien og har ei feiring av kjærleiken og at ein vel sin livspartnar. Det har mykje med livssyn å gjera, kva ein trur, og kva ein kjenner seg komfortabel med, seier organisasjonssekretær Silje Guleng i Human-Etisk Forbund i Hordaland.
Ho trur noko av grunnen til at fleire vel dei er at mange vil ha seremonien på litt utradisjonelle plassar, og deira vigslarar kjem dit brureparet er.
– På kaiar, på fjelltoppar og den type ting seier me gjerne ja til, seier Guleng.
Gifta seg i rhododendronhage
Trine Somby Fosse og Henning Aasen Fosse gifta seg i Rhododendron-hagen på Radøy.
Foto: PrivatValfridommen Human-Etisk Forbund tilbyr spelte inn då Trine Somby Fosse og Henning Aasen Fosse skulle gifta seg.
2. juni i år gav dei kvarandre sitt «ja» i Tjorehagen på Radøy i Hordaland. Rhododendron-hagen var midt i blomstringa, og danna ei romantisk ramme rundt bryllaupet.
– Eg er medlem i Human-Etisk Forbund og mannen min er ikkje medlem i noko tru- eller livssynssamfunn. Det var difor naturleg for oss ikkje å gifta oss religiøst, seier Trine Somby Fosse.
– Å gifta seg på eit lite kontor inne på tinghus er ikkje særleg romantisk, seier Somby Fosse.
Stor pågang over heile landet
Over heile landet opplever Human-Etisk Forbund stor pågang frå gifteklare.
– Per dags dato i år har me registrert 668 vigslar på landsbasis, og det er like mange som i løpet av heile 2011, seier Yngvild Kvaale, seremonisjef hos Human-Etisk Forbund.
– Dette er ei gledeleg overrasking ettersom det dei siste åra har vore ein nedgang i talet på vigslar både hos oss og generelt i Noreg, seier Kvaale.
– Kva er årsaka til auken?
– Det er vanskeleg å spå. Veldig mange ønskjer å gifta seg hos oss etter å ha vore i eit bryllaup i regi av Human-Etisk Forbund, seier seremonisjefen.
Valfridommen dei tilbyr trur ho kan vera ei medverkande årsak.
– Me ønskjer å vera der folk ønskjer å gifta seg, men folk vel ikkje oss berre fordi me lagar fine uteseremoniar. Seremoniane våre har eit humanistisk innhald, og folk er bevisste på det når dei vel oss, seier Kvaale.
Færre enn 2 av 5 vel kyrkjebryllaup
VALDE KYRKJA: Prinsesse Märtha Louise og Ari Behn gifta seg i Nidarosdomen i 2002. I Noreg vel mindre enn av fire av ti det same som dei.
Foto: Bjørnflaten, Thomas / NTB scanpixBorgarlege vigsler blir det òg fleire av. Men for kyrkja er historia ei anna. Frå å nærast ha monopol på vigsler på sekstitalet, har det berre gått nedover. Under 37 prosent valde kyrkjebryllaup i fjor.
– Kyrkja blir oppfatta som å ikkje vera særleg «up-to-date», seier Dag Øistein Endsjø, professor i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen.
– Kva trur du er årsaka til at akkurat Human-Etisk Forbund har så stor auke?
– Du slepp det religiøse. Ein lovar berre ovanfor kvarandre og gud har ikkje noko med det å gjera. Kristne ekteskap skal i prinsippet vara livet ut, og det gjer det som regel ikkje no lenger, seier Endsjø.
Kva syns du om at fleire vel vekk kyrkja? Bruk kommentarfeltet under.