Hopp til innhold

Brøytarane braut kontrakta med vegvesenet

– Dei har ikkje klart å fylla dei krava me har stilt i kontrakta, seier Lars Øyre i Statens vegvesen. No lovar entreprenøren bot og betring.

FullSizeRender.jpg

IKKJE BRØYTA: Vogntogsjåfør Tor Håkon Kleiven tok dette biletet på riksveg 7 i Hordaland. Vegvesenet har fått hard kritikk for dårleg brøyting på vegane i Hordaland denne veka.

Foto: Tor Håkon Kleiven

Denne veka har Statens vegvesen fått hard kritikk for dårleg brøyting og salting på vegane. I dag kalla dei Lemminkäinen, som er hovudentreprenøren for vossakontrakta, inn på teppet.

– Ikkje godt nok

Øyre

– IKKJE GODT NOK: Lars Øyre i Statens vegvesen seier at entrepenøren som har hatt ansvaret for drift og vedlikehald på vegane i Voss og Hardanger, ikkje har klart å oppfylla krava i brøytekontrakten.

Foto: STATENS VEGVESEN

Nysnø og glatte vegar ført til fleire ulukker og stengde vegar i Hordaland den siste veka. Sinte bilistar har reagert sterkt på dårleg brøyting og salting, spesielt i Hardanger og Voss.

Etter eit møte med entreprenøren i dag konkluderer vegvesenet med at entreprenøren ikkje har oppfylt krava i brøytekontrakten.

– Dei har ikkje hatt nok mannskap og bilar ute. Dei har ikkje greidd å fylle dei krava som me har stilt i kontrakten, seier Øyre.

Kvart femte år lyser Statens vegvesen ut kontraktar på anbod. Som oftast er det entreprenøren som tilbyr seg å gjere det for den lågaste prisen som får anbodet, ifølgje byggleiar i Statens vegvesen, Bente Bergstø.

– Det er vanleg prosedyre at dei som tilbyr seg å gjere dette får lågast pris får kontrakten. Men dei må levere dokumentasjon slik at me ser dei er kvalifiserte, seier ho.

Entreprenørfirmaet Lemminkäinen fekk anbodet på den sokalla vossakontrakten 1. september i år.

Politiet dirigerer trafikken etter kaos på veiene
Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Lovar betring

Kommunikasjonssjef i Lemminkäinen, Tom Andre As, seier no at dei har kalla ut alt av tilgjengeleg mannskap og bilar for å betre situasjonen på vegane.

– Det er klart at me har eit forbetringspotensial. Me jobbar knallhardt for at bilistane skal kome seg der dei skal på trygge vegar. Det er vår hovudprioritet, seier As.

– Kvifor har de ikkje kalla ut meir mannskap tidlegare?

– Slike ting tek tid. Det er utfordrande å spå ekstremvær. Men no har me sett inn alt me har av mannskap og utstyr, seier As.

– Vegvesenet meiner de ikkje har klart å fylla krava som er stilt i kontrakten, er de einige?

– De må nesten dei svara på. No skal me ha full gjennomgang av våre rutinar og sjå på om me har forbetringspotensial.

Kan bli bøtelagt

Vegvesenet har tidlegare sagt til NRK at dei vurderer å bøteleggje entreprenøren etter snøkaoset.

– Førebels har me ikkje tatt stilling til om arbeidet den siste veka får sanksjonar, men dette er noko me vurderer. Men på eit generelt grunnlag kan eg seie at slike ting blir diskutert til ei kvar tid, seier Øyre.