Hopp til innhold

Braut seg inn, tende opp bål og køyrde truck

– Det er rein vandalisme og heilt meiningslaust, seier Tom Cesar som jobbar i offshore-bedrifta der nokon braut seg inn i natt.

Cesar

VANDALISME: Dei som har brote seg inn i Åsane-bedrifta har rive ned fleire pallereolar, køyrt rundt med truck og grisa til dei to hallane med olje.

Foto: Kjell Jørdan Hansen / NRK

Det var eit trist syn som møtte Cesar då han gjekk inn dørene på arbeidsplassen i Åsane sundag føremiddag.

– Nokon har klipt over piggtråd-gjerdet og kutta seg gjennom duken. Det er gjort store skadar her, seier Cesar.

Det var klokka 12.10 i dag at politiet fekk melding om det grove innbrotet i to plasthallar i offshore-bedrifta i Åsane.

– Det var ei kraftig lukt av løysemiddel inn i bedrifta då politiet kom på staden. Det er sølt kjemikaliar inne, og dei som har brote seg inn har tent eit bål der inne, seier Kjersti Eidsnes i Hordaland politidistrikt.

(Artikkelen held fram under biletet)

hærverk

KØYRT RUNDT MED TRUCK: Dei som har brote seg inn har køyrt rundt med truck inne i plasthallen.

Foto: Kjell Jørdan Hansen / NRK

– Heilt meiningslaust

Ifølgje Cesar blei det også gjort innbrot i hallen rett ved bedrifta førre helg. Også då blei det gjort hærverk inne i hallen.

– Då kom dei seg inn på same måte som i natt, så det er truleg snakk om dei same personane. Det er heilt meiningslaust dette. Dei har ikkje stole noko som helst. Dette er berre rein vandalisme, seier han.

Det er uklart kor mange personar som har vore involvert, men dei som braut seg inn har gjort mykje skade på den tida dei var inne i hallane.

– Dei har køyrt rundt med truck inne i hallen, og grisa over alt med olje. Fleire pallereolar er rive ned. Utanfor hallen er det tagga på ein bubil, fortel Cesar.

Ingen mistenkte

hærverk

VANDALISME: Nokon har forsøkt å tenne eit bål inne i plasthallen.

Foto: Kjell Jøran Hansen

Politiet har vore på staden og sikra bevis og har oppretta sak. Men så langt er ingen mistenkte i saka.

– No må me prøve å sikre betre her for å sørgje for at dette ikkje skjer igjen, seier Cesar.