Hopp til innhold

Gløymte steikeomnen - starta storutrykking

Brann, politi og ambulanse rykte i like før klokka elleve ut til ei lavblokk i Fyllingsdalen.

Brannutrykking i Fyllingsdalen

TØRRKOKING: Fem brannbilar, politi og ambulanse rykte ut.

Foto: Tim Wassmo / NRK

Bebuarar i blokka ringte brannvesenet då dei kjende røyklukt i gangen, og brannalarmen gjekk av.

Det tok ikkje lang før brannvesenet var på staden og konstaterte at det var snakk om tørrkoking, og ikkje brann. Det er oppretta sak mot personen som gløymte steikeomnen.

Sendt til helsesjekk

– Tre personar blei evakuerte, fortel operasjonsleiar i politiet, Bjarte Rebnord.

Brigadeleiar på staden, Kenneth Baustad, heldt no på med å ventilere røyken frå tørrkokinga ut av bygget.

– Vedkomande har gløymt steikeomnen. Vi har også sendt ein person til helsesjekk i tilfelle røykskadar, fortel han.

Kan få bot

Å gløyme steikeomnen kan bli dyrt. Personen risikerer no ei bot. Politiet mistenkjer at vedkomande har vore uaktsom, og har derfor oppretta sak.

– Det er meir vanleg å opprette sak når slikt skjer i blokker enn i einebustadar, seier Rebnord.

Kor mykje skade forgløyminga kunne ført til speler også inn.