Hopp til innhold

Brann vann svak kamp: – Langt i frå godt nok

Strømmen hadde farlege kontringar, men Brann dominerte spelet og vann kampen 2–0. – Vi briljerte ikkje, men gjorde jobben, seier Brann-trenar Rikard Norling.

SK brann

FØRSTE KAMP: Alejandro Castro brukte berre 26 minutt før han scora i sin første kamp i Brann-trøye.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport.no

Brann slo Strømmen 2–0 i sin første heimekamp i 1. divisjon og står med fire poeng etter dei to første serierundane.

Alejandro Castro brukte berre 26 minutt før han scora i sin første kamp i Brann-trøye. Dermed spelte han ei viktig rolle i Brann sin 2-0-seier mot Strømmen.

Costaricanaren tok imot eit innlegg i boksen, og frå fem meter sette han ballen sikkert bak Thomas i Strømmen-buret.

Brann med meir sjølvtillit

I det 78. minutt kom den viktige 2-0-scoringa. Då dukka Huseklepp opp. Han fekk ein nydeleg gjennombrotspasning frå Kristoffer Larsen, og åleine med keeper sette han ballen i mål.

– No føler eg meg veldig bra, dette er ein god start på sesongen. Så no må vi byggje vidare på dette, seier Erik Huseklepp.

I fjor brukte spissen 18 kampar før han skåra sitt første av totalt tre seriemål. No har Huseklepp to mål på to kampar.

– Korleis har du førebudd deg til sesongen?

– Eg har trent masse og fått meir sjølvtillit. Det gjer underverk, seier Huseklepp.

– Viktig kamp for oss

Brann, Huseklepp

SCORA: Erik Huseklepp scora Brann sitt andre mål i kampen.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport.no

Brann-trenar Rikard Norling vedgjekk at Brann ikkje imponerte, men greidde det viktigaste i stadionpremiera.

– Vi måtte vinne denne kampen for sjølvtilliten vår. Vi briljerte ikkje, men gjorde jobben. Dette kan vi vekse vidare på, seier Brann-trenar Rikard Norling.

– Kor nøgd er du med prestasjonen dykkas i dag?

– Den er langt ifrå god nok, men vi må samle mange poeng og det er det viktigaste no, seier Norling.

– Hadde garantert tapt i fjor

– Desse kampane hadde vi garantert tapt i fjor, seier Jonas Grønner.

Etter kampen meiner Grønner at det var eit Brann-lag som klarte å vinne 2–0 på ein dårleg dag.

– Vi må venne oss til å vinne uansett korleis forma er. Sjølv om vi ikkje er opp mot vårt beste i dag – men likevel vinne kampen, så skal vi vere nøgd i dag, seier Grønner.

Kampen enda til slutt 2–0 i raudtrøyene sitt favør, og alle poenga vart igjen i Bergen.

Dårleg besøkstal

I kveld serieopna Brann mot Strømmen på heimebane, men ikkje alle hadde tatt turen til stadion for å sjå brann spele i 1. divisjon.

– Vi hadde håpa at vi hadde seld 10.000 billettar til opningskampen, men i staden ligg vi på 8500, seier Algerøy.

I fjor møtte 11.991 personar på første brannkamp, i år har Brann budsjettert med 8000–8500 selde billettar på årets første kamp.

– Vi er ikkje nøgd. Så no må vi prøve oss litt fram, seier billettsjef i Brann, Dag Frode Algerøy.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..