Hopp til innhold

– Vi grev oss ikkje ned

Brann har tapt tre av fire treningskampar så langt i år. I morgon ventar Sarpsborg 08. – No må vi stå saman og vise at det bur meir i oss, seier midtstoppar Jonas Grønner.

Brann, Karakas

LA MANGA: Brann ladar opp til seriestart med treningsleir på La Manga i Spania.

Foto: Sebastian Nordli

Brann er på treningssamling på La Manga i Spania. Torsdag stanga Start-spiss Matthias Vilhjalmsson inn tre ballar i nettet i 1. omgang under treningskampen på La Manga, og kampen enda 3–0 til Start.

  • Sjå video lenger nede i artikkelen

– Vi hadde eit håp om eit betre resultat. Vi slepper inn for mange og for enkle mål, og det må vi luke vekk. Vi er ikkje heilt der vi ønskjer å vere og det kan ta tid, seier midtstoppar Azar Karadas.

– Ferdige med nedrykket

Måndag skal dei spele mot Sarpsborg 08, og onsdag skal dei teste forma mot Sogndal.

Karadas meiner at Brann ikkje er prega av nedrykket.

– Vi er fem-seks veker frå seriestart og vi er nøydd til å vere klar for det som kan møte oss. Vi er ferdig med det at vi rykka ned, så no er det berre å sjå framover, seier Karadas.

Treningskamp på La Manga.

– Tapet var ei bra lekse

Trenar Rikard Norling meiner at kampen mot Start har vore ei bra lekse for Brann-laget.

– Vi sleppte inn tre ganske like mål, og dei var mykje betre enn oss på det tekniske. Det er noko vi må ta med oss, seier Norling.

Brann har tapt tre av fire treningskampar så langt.

– Vi vil vinne, men det må vi jobbe hardt for å få til. Det var bra vi fekk den kampen, for den gav oss svar på at vi må vere meir fleksible. Det kjem ikkje av seg sjølv. Det er hard jobbing, forklarar Norling.

Created by InfoDispatcher

Har framleis trua

– Vi skal finne den miksen som passar best for laget vårt, og prøve å tilpasse oss best mogleg mot seriestart, seier midtstoppar Jonas Grønner.

– Du er ikkje uroa over at de har slite i treningskampane?

– Vi må lære oss å vinne kampar etter kvart. Vi har tapt enormt mange kampar det siste halvåret, så vi må lære oss å vinne fotballkampar og få inn vinnarkultur. Vi er framleis i februar, så det er god tid til å betre oss til seriestart, seier Grønner.

– Manglar de sjølvtillit?

– Når ein tapar så mange kampar, så går det på sjølvtilliten. Det er viktig no å få gode speleopplevingar og gode treningar. Vi grev oss ikkje ned, for vi har framleis trua på det vi gjer og på sesongen som kjem, legg Grønner til.

Created by InfoDispatcher