Hopp til innhold

Brann på Nygårdshøyden i Bergen

Det oppstod brann i eit leiligheitsbygg ved Nygårshøyden i Bergen. Bebuarane vart evakuerte frå bygget.

Brann i Strømgata
Foto: MMS: Kristian Ervik / NRK

– Det brann skikkeleg godt, fortel ein av bebuarane til NRK Hordalands reporter på staden. 

- Det er uklart kor omfattande skadane er, seier operasjonsleiar Per Stiegler ved Hordaland politidistrikt til NRK.

Det fem etasjar høge bygget har adresse Strømgata 56 og ligg nesten heilt oppe ved Nygårdshøyden.

Det bur mellom anna studentar i bygget. Til saman 14 bebuarane vart evakuerte. Ingen kom til skade.

Brannen skal ha starta i første etasje. Litt før klokka 11 i føremiddag gjekk røykdykkarar inn i bygget. Kort tid var situasjonen under kontroll.

Brannvesenet opplyser til NRK at dei fram til no ikkje har funne årsaka til brannen.

Branntilløp Nygårdshøyden
Foto: Kristian Ervik / NRK
Branntilløp Nygårdshøyden
Foto: Kristian Ervik / NRK