Hopp til innhold

Skal ha ni brannfolk på staden i heile natt

Dei evakuerte må halda seg vekke til i morgon på grunn av gassflasker og dynamitt i brennande løe. Brannvesenet skal ha ni mann på brannstaden i natt.

Ni evakuerte må halda seg vekke til i morgon på grunn av gassflasker og dynamitt i brennande løe.

VAKTHALD: Politiet held vakt for å passa på at ingen kjem for nær brannstaden (Foto: Kjartan Lægreid/NRK).

Klokka 14.15 melde 110-sentralen i Hordaland om brann i ei løe i Vikavegen i Lindås.

Ni personar er evakuert frå dei tre næraste husa, og det har vore fleire eksplosjonar frå branntomta i løpet av ettermiddagen. Verken folk eller dyr har kome til skade i brannen.

Politifolk på staden held vakt for å passa på at ingen kjem for nær den brennande bygningen.

Brann i løe i Lindås

TRE HUS EVAKUERT: Dei som bur i husa nærast brannstaden er evakuert, og får ikkje flytta heim før i morgon.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Dynamitt og gassflasker

Brannvesenet fekk tidleg mistanke om at det kunne vera både dynamitt, gassflasker og drivstoff inne i løa. Seinare fekk dei stadfesta mistanken.

– Det er sprengstoff og gassflasker med oksygen, acetylen og propan i bygningen, seier vakthavande sjef i Lindås og Meland brannvesen, Ståle Hauge, til NRK.no.

Dei har hatt hjelp frå Austrheim brannvesen, og på det meste var 26 brannfolk i sving på staden etter at alarmen gjekk i 14-tida.

– Vi observerte ein relativt stor eksplosjon i 15-tida, og elles har det vore nokre mindre eksplosjonar, seier brannsjefen.

Ny vurdering i morgon tidleg

Brannvesenet skal ha ni brannfolk på staden heile natta.

– Vi skal kjøla ned gassflaskene gjennom natta ved å spyla vatn på dei. Når det blir lyst i morgon tidleg tar vi ei ny vurdering, seier Hauge.

Det er fare for at det kan koma nye eksplosjonar, og då er det viktig å ha nok folk på staden.

– Vi må vera parat viss nye eksplosjonar gjer at det oppstår fare for andre bygningar i området, seier brannsjefen.

Evakuering til i morgon

Sidan det blei klart at ingen får flytta tilbake i kveld, har politiet arbeidd med å skaffa overnatting til dei evakuerte.

– Det pågår no kontrollert nedbrenning. På grunn av mogleg eksplosjonsfare vil vi ikkje senda folk tilbake før alt er brent heilt ned. Difor prøver vi no å skaffa overnatting til dei ni evakuerte, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes i politiet.

Ho stadfestar at løa blir brukt til hestar, men at det ikkje var hestar i bygningen då brannen starta.

Årsaka til brannen er så langt ikkje kjent.

Brann Lindås