Hopp til innhold

Bustadhus stod i full fyr - to personar til avhøyr

Alle naudetatar rykka ut då tok til å brenna i eit bustadhus i Løbergsveien i Bergen måndag kveld. Brannen spreidde seg vidare til naboleilegheita. Klokka 19.30 hadde brannvesenet kontroll. To personar er brakt inn av politiet.

– No blir det ettersløkking utover kvelden og natta. Vi har søkt gjennom alle etasjar i bygget, og vi har ikkje funne nokon personar, fortel brannsjef Johnny Breivik i Bergen til NRK.no

Meldinga om brannen sør for Bergen sentrum kom inn kring klokka 17.30. Det var veldige flammar og røyk frå bustadhuset. Bebuarane i huset og i nabohusa rundt vart evakuerte.

Brann i Løbergsveien måndag ettermiddag.

SJÅ VIDEO: Brannvesenet jobba på spreng for å hindre spreiing til nabohusa.

Søkte gjennom huset

Bygget det brann i er eit rekkjehus i tre som har tolv leilegheiter. Brannsjefen fortalde tidlegare i kveld at dei jobba med få den totale oversikta over personar som måtte vere i huset.

– Vi går gjennom alle leilegheitene for å sikre oss om at det ikkje er nokon att inne i huset, sa han.

Breivik seier det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen. Politiet sine teknikarar skal undersøke staden, men det skjer tidlegast i morgon.

– Det var ein krevjande brann, i eit stort trehus. Men når vi fekk etablert oss med alt utstyret fekk vi fort kontroll over at det ikkje vil spreie seg vidare til andre nabohus, fortel Breivik.

To personar brakt inn

Innsatsleiar i politiet, Karsten Raa, fortel klokka 19.15 at dei har brakt inn to personar etter brannen.

– Grunnen er at dei høyrer til i huset, og vi ønskjer å få svar på kvifor det byrja å brenne i huset, forklarar han og legg til at dei ikkje har full kontroll på personane som kan ha vore i huset.

Brannen spreidde seg

– Alle naudetatar rykka ut til staden. Det brenn i Løbergsveien 95D, og brannen har spreidd seg til taket på naboleilegheita i 95E, fortalde operasjonsleiar Preben Wallestad i Hordaland politidistrikt i 18.00 tida.

Han bekreftar at politiet har tatt inn to personar til avhøyr.

NRK sin reporter på staden skildra ein veldig varme på staden, og at husa står tett i tett. Brannvesenet jobba på spreng for å få sløkt brannen og for å hindre spreiing.

– Full fyr på eit minutt

I nabohuset bur Hanro Van Wyk saman med familien sin. Han sat og hjelpte borna Daniel og Maja med leksene, då han plutseleg oppdaga røyken frå nabohuset kloss ved.

– Eit lite minutt etterpå var det heilt overtent. Eg prøvde å sløkkja med hageslangen men det var heilt nyttelaust, fortel Van Wyk til NRK. Det var han som varsla brannvesenet om brannen.

– Personen som bur i toppen av huset klarte å redda seg ut med nokon koffertar forklarar Van Wyk vidare.

Artikkelen held fram under biletet

brann løbergsveien van wyk

LA PÅ SPRANG: Familien Van Wyk bur i nabohuset i Løbergsveien. Det var dei som oppdaga brannen måndag ettermiddag. Frå venstre: Hanro, Maja (6) og Daniel (8).

Foto: Sølve Rydland / NRK

Han og familien måtte berre rømma huset då flammane tok overhand på nabohuset.

– Når eg no ser inn i huset vårt ser eg at det er heilt svart der inne, på grunn av den veldige røyken.

– Det var open eld

Innsatsleiar Karsten Raa i politiet fortel til NRK at dei var møtt av veldige flammar då dei kom til staden.

– Det var open eld frå første etasje og opp over taket. Etter det me er kjent med var det ingen i huset då det byrja å brenne. Det trur me heller ikkje det er no, fortel Raad.

Han forklarar at brannen byrja i bustaden på enden av husrekkja, og at det spreidde seg vidare til husvære ved sidan av.