Hopp til innhold

Legesenter stengt grunna brann - to personar sprang frå staden

Eit legesenter i Åsane i Bergen er stengt grunna brann fredag morgon. Politiet etterlyser to personar som skal ha sprunge frå åstaden.

Brann i Rolland legesenter

BRANN I LEGESENTER: Brannvesenet dreiv sløkking i fleire timar.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

SISTE: Rolland legesenter i Åsane er stengt etter brannen fredag morgon. Etat for helsetenester hjelper til med å finne ei løysing for råka pasientar, og fredag formiddag er det ikkje dataløysingar som gjer det mogleg å ta imot pasientar.

– Klokka 01.36 fekk me melding frå ein som høyrde smell, og såg at det røykte i Åslia i Ulset, i Åsane, seier Preben Wallestad som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt til NRK.

Brann i Rolland legesenter

BRANN: To personar skal ha sprunge frå staden.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Det viste seg at røyken kom frå Rolland legesenter i Åslia.

– Meldar hadde sett to personar med hettegenser og hette på hovudet som sprang frå staden, og me sende to patruljar, seier han.

Etterlyser vitne

Brann i Rolland legesenter i Åsane

BRANNVESENET: Rolland legekontor er utsett for brann i natt. Mange brannmenn i aksjon. No er brannen sløkt.

Foto: Bergen brannvesen

Røykdykkarar blei sendt ut fordi det blei meldt om røyk frå taket. Då NRK var på staden var det store skadar over inngangsdøra til legesenteret etter brannen.

Klokka 02.12 var det framleis mykje røyk på staden, men det blei ikkje observert flammar.

– Klokka 03.52 melde brannvesenet om at dei hadde kontroll på brannen, og klokka 04.17 avslutta politiet på staden. Brannvesenet blei igjen for ettersløkking, seier Wallestad.

– Det er oppretta sak, og politiet er interessert i opplysningar rundt dei to personane som sprang frå staden, seier han.

Klokka 05.15 held brannvesenet framleis på med ettersløkking.

Laster Twitter-innhold