Hopp til innhold

Brann i fiskebåt - flammane kutta fortøyningane

Mann fekk behandling for røykskadar etter at det braut ut brann i ein sjark i Fusa.

Brann i fiskebåt i Fusa

KRAFTIG BRANN: Flammane gjorde at fortøyningane på båten rauk rett av og båten dreiv ute på Ådlandssjøen. Her er brannvesenet på veg ut for å starta sløkkearbeid.

Foto: Brannvesenet i Fusa

Brannen i den 32 fot store sjarken vart meldt inn til brannvesenet klokka 03.08 i natt. Då låg den til kai ved ei flytebrygge i Ådlandsjøen ved Holmefjord.

– Meldinga kom frå dei som eig båten. Dei melde om at den var overtent og dei var uroa for at brannen skulle spreia seg til ein anna båt like i nærleiken, fortel vaktkommandør Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen Hordaland.

Då brannvesenet kom fram, hadde fortøyingane på båten brent rett av.

– Båten låg og dreiv kring 50 meter ute på fjorden. Det var ei utfordring for brannvesenet i Fusa å komme seg ut til båten og det byrja også å bli ein del vind på staden.

Behandling for røykskadar

Men brannmannskapa fekk slept sjarken tilbake til land og starta sløkking. No klokka 05.30 blir det meldt om at brannvesenet har kontroll på flammane og at dei driv ettersløkking på staden.

- Men vinden her skapar problem. Vi har fått båten inn i fjæra, men vurderer å flytta på den for å betra forholda for ettersløkkinga, fortel brannsjef Gunnar Hatlelid i Fusa, som har vore med på aksjonen i heile natt.

Fiskebåten er totalskadd i brannen. Ein mann i 60-åra forsøkte å sløkke brannen då den ført vart oppdaga, og han har fått ein del røyk i seg.

– Han har fått behandling av helse, og han har det bra, oppdaterer Hatlelid.

Klokka 07.00 melder Hatlelid at brannen er sløkt.