Hopp til innhold

Einebustad totalskadd i brann i Hordvik

Ein einebustad vart totalskadd etter brann i Hordvik i Bergen kommune. Huset var overtent, og alle kom seg ut av bustaden.

Brann i Hordvik

BRANN I EINEBUSTAD: Det var full fyr i einebustaden i Hordvik. Alle skal vere ute av bustaden og etter klokka 17.15 var brannen under kontroll.

Foto: Jarle Hansen

– Me er på staden og har byrja sløkking. Det er full fyr i huset, seier Stig Tetler som er vaktkommandør i brannvesenet, til NRK.

Brannen er i ein einebustad i Nordre Steinestø i Hordvik.

Brannvesenet fekk melding om brannen 16:18, og var på staden 16:33.

– Me er framme på staden, og det er stadfesta at alle bebuarane er ute, seier Morten Kronen som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

– Flammane står frå taket på bustaden, seier Kronen.

Saka held fram under twittermelding.

Laster Twitter-innhold

Alle ute av huset

Brann i einebustad i Hordvik

FULL FYR I EINEBUSTAD: Det er mykje røyk i området rundt der ein einebustad står i full fyr i Nordre Steinestø i Hordvik i Bergen kommune.

Foto: Vigdis Holmaas / NRK

Det skal ha vore personar inne i huset då det byrja å brenne. Desse er ute av huset.

– Me har fått bekrefta at huset er overtent, ingen personar er skada, og det jobbast framleis på staden, seier Kronen 16:58 til NRK.

Ingen evakuering av naboar er rapportert.

Klokka 17:18 melder brannvesenet på Twitter, at brannen er under kontroll.

– Det var totalt tre personar i huset, alle kom ut uskadd. Dei har sjølv ordna med ny overnattingsstad fordi huset er ikkje mogeleg å bu i, seier Kronen i Hordaland politidistrikt til NRK.

– Undersøking av åstad må utsetjast til i morgon grunna gassar etter brannen. Brannvesenet blir på staden utover kvelden, legg han til.

  • Sjå video her:
    Brann i einebustad i Hordvik i Bergen kommune.

    SJÅ VIDEO: Brannen skal no vere under kontroll, og alle kom seg ut av huset.

Brann i einebustad i Hordvik

STORE SKADAR: Einebustaden i Nordre Steinestø sto i full fyr. Brannen er no under kontroll, og det blir gjort ettersløkking.

Foto: Vigdis Holmaas / NRK
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Brann i Hordvik