Hopp til innhold

Treng fleire innvandrarar til å gi blod

Fleire og fleire innvandrar i Noreg gjer at blodbanken også treng gjevarar med innvandrarbakgrunn. – Men mange trur ein må vere etnisk norsk for å gje blod, seier blodbank-lege.

Blodbanken på Haukeland

TRENG INNVANDRAR: Over 13 prosent av befolkninga i Noreg er no innvandrarar. Men truleg er under éin prosent av norske blodgjevarar innvandrar, noko som kan bli i eit problem.

Foto: Helse Bergen

Aukande behov for fleire blodgjevartypar gjør at norske blodbankar no etterlyser fleire gjevarar med innvandrarbakgrunn.

Innvandrarar er i dag sterkt underrepresenterte i norske blodbankar, noko som kan bli i eit problem i framtida.

Overlege Tor Hervig ved Blodbanken på Haukeland universitetssjukehus fortel at auka innvandring gjer at kva type blod det norske folk treng, er i endring.

– Dette er eit problem i heile verda, og er i ferd med å bli eit større problem i Noreg også, seier Hervig til NRK.

Kan danna antistoff

Vi får høyra at mange trur vi berre ønskjer etniske norske blodgjevarar. Det motsette er jo tilfellet.

Bente A. Karlsen, Ahus

Tor Hervig

MÅ IKKJE VERE NORSK: Mange trur dei må vere etnisk norske for å kunne gje blod. Men det er langt frå sant, seier Tor Hervig ved blodbanken på Haukeland.

Foto: FOTO: PRIVAT

Det er spesielle sjukdommar, som talassemi og sigcelleanemi, som kan skapa problem.

– Der er pasientane avhengige av mange blodoverføringar. Viss ein får blod frå ein person med ein annan etnisitet er det større fare for at ein kan danna antistoff. Det kan gjera seinare blodoverføringar vanskeleg, seier Hervig.

Han er også leiar for transisjonstjenesten sitt kvalitetsråd som er rådgjevande organ for helsedirektoratet.

Det var tidsskriftet Bioingeniøren som omtalte saka nyleg.

– Ved blodoverføring kan pasientar danna andre typar antistoff enn vi er vande med. Innan transfusjonsmedisin er dette ei utfordring som berre vil bli større framover. Vi er difor nøydde å gjera noko med rekrutteringa av blodgjevarar, seier Hervig til tidsskriftet.

Truleg under éin prosent

Den auka innvandrardelen i befolkninga er så langt ikkje representert i blodbankane.

I dag er over 13 prosent av befolkninga i Noreg innvandrar. Delen av gjevarar i blodbankane er langt lågare.

– Det er ulovleg å registrera etnisitet på gjevarane. Men me trur det er mindre enn éin prosent, seier Hevig til NRK.

Blodbankane ønskjer likevel å leggja inn mest mogleg informasjon om gjevarane.

– Ein kan til dømes leggja inn ein kode for kva blodet eignar seg spesielt for.

Trur dei må vera etnisk norske

Ahus er det lokalsjukehuset med flest innvandrar, ifølgje Bioingeniøren. I Oslo-bydelane Alna, Grorud og Stovner, som alle soknar til sjukehuset, utgjer innvandrar om lag halvparten av befolkninga.

Ahus registrerer ikkje kva etnisitet gjevarane deira har, men Bente A. Karlsen, bioingeniør og seksjonsleiar for tappestasjonane, vedgår at det er langt frå like mange som gjev blod.

Mange trur rett og slett ein må vere etnisk norske for å vera blodgjevar.

– Vi får høyra at mange trur vi berre ønskjer etniske norske blodgjevarar. Det motsette er jo tilfellet, seier Karlsen til Bioingeniøren.

Blodbanken på Haukeland

LITE INNVANDRARAR: Blodbanken her på Haukeland sjukehus kjem til å trenga nye typar blod i framtida.

Foto: Helse Bergen

Noreg er kjend for å ha blant dei strengaste reglane i verda for kven som kan gi blod. Reglane for kven som kan gi (sjå faktaboks) og manglande informasjon kan vere viktige årsaker.

– Mange har oppfatta det slik at ein er nøydd til å vera etnisk norsk. Reglane er blitt forandra i takt med auka kunnskap om mellom anna kva det er som kan smitta gjennom blod, seier Hervig til NRK.

– Utfordring fleire plassar i framtida

Blodbankane understrekar at etnisitet i seg sjølv ikkje er viktig. Mange førstegenerasjonsinnvandrar får ikkje gje blod fordi dei er født sør i Afrika, eller fordi dei har hatt malaria.

Men borna deira er sterkt ønska til bankane.

Oslo er den einaste plassen der ein har så langt har erfaringar med manglande blod frå innvandrarar. Men overlegen på Haukeland trur det berre er eit spørsmål før andre blodbankar i landet opplever det same.

– Det er blitt eit problem i Oslo, men andre plassar som Bergen har me ikkje hatt pasientar med talassemi og sigdcelleanemi ennå. Talet på innvandrar aukar og me reknar med at det kan bli ei utfordring i framtida.

Vil ha statleg initiativ

Nyleg tvitra Haukeland sjukehus at dei ønskjer seg fleire innvandrar som bakgrunn. Sjukehuset satsar også på meir målretta arbeid mot innvandrar.

– Vi samarbeider med Raude Krossen og skal ta opp utfordringa på eit møte med dei. Infoavdelinga på Haukeland kan også hjelpa og det kan bli aktuelt å skriva kronikkar og liknande.

– Det har ikkje vore så mykje fokus på dette, verken lokalt eller nasjonalt, og lokalt håper dei blant anna samarbeid med Raude Krossen kan få fleire til å bli blodgivarar, seier Hervig.

Som leiar for staten sitt rådgjevande organ vil Hervig no også ta initiativ til å få problemstillinga opp på agendaen i heile Noreg.

– Vi skal ha eit møte om dette på onsdag. No ønskjer vi å få til eit nasjonalt initiativ rundt dette.