Hopp til innhold

Blir etterforska som mistenkeleg dødsfall

Politiet veit ikkje kva som har skjedd med mannen som i går kveld vart funnen død under Puddefjordsbroen i Bergen.

Død mann funnet under Puddiken

FUNNE DØD: Mannen vart funne død av turgåarar fredag kveld.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Det var klokka 18.00 fredag at turgåarar varsla politiet om at dei hadde sett ein død mann ved Puddefjordsbroen i Bergen.

Mannen vart funnen på Gyldenpris-sida av brua, delvis liggande i sjøen. Jourhavande jurist Anders Johnsen seier til NRK laurdag at dei no etterforskar eit mistenkeleg dødsfall.

– Avdøde er sendt til obduksjon, og vi håpar å få eit førebels obduksjonsresultat frå Gades institutt i løpet av dagen. Det er alt eg kan seie om etterforskinga no, seier Johnsen.

Veit kven mannen er

Seint i går kveld var ikkje mannen identifisert, men Johnsen seier politiet no føler seg sikre på kven avdøde er.

– Vi har ein ganske klar indikasjon på kven personen er.

Området vart i går sperra av medan krimtekniske ekspertar gjorde undersøkingar. Staden der den døde vart funne ligg like ved Baker Brun på Damsgård-sida av Puddefjorden.