Hopp til innhold

Her vart han Noregs eldste fallskjermhoppar

95 år gamle Bjarne Stavenes hoppa tandem-fallskjerm på opninga av Ekstremsportveko og vart med det «Noregs eldste fallskjermhoppar».

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Her vert 95 år gamle Bjarne Stavenes Noregs eldste fallskjermhoppar. Foto/Ekstremsportveko

– Det er noko av det største eg har opplevd og det var veldig stas, forklarer 95-åringen etter det vellykka hoppet.

Han har hoppa fallskjerm i over 15 år, og i år skulle han forsøka å kapra tittelen «Noregs eldste fallskjermhoppar». Dette klarte han på søndag då han hoppa under opninga av ekstremsportveko på Voss.

Stavenes syntest det var spesielt kjekt å hoppa over heimbygda Voss med eit stort publikum som fekk med seg hoppet.

– Det var så flott å ligga oppi lufta og sjå Vossabygda under seg, forklarer Stavenes.

Vart heidra med diplom

97-åringen

NØGD: Stavenes syntest det var spesielt kjekt å hoppa over Voss med eit stort publikum som fekk med seg hoppet.

Foto: Ekstremsportveko

95-åringen ville eigentleg gå heim etter hoppet, men det fekk han ikkje lov til. For då var det klart for talar og diplomutdeling.

– Eg måtte opp på scena og der fekk eg diplom. Det var veldig kjekt og ei stor oppleving, forklarer Stavenes.

Aldri for seint

– Så lenge eg klarer å bøye meg for å knyta skolissene kjem eg til å hoppa, fortalde den usedvanleg spreke 95-åringen til NRK i mars i år.

Bjarte Stavenes fekk lidenskapen som 80 åring. Bustaden hans er full av dømer på at det aldri er for seint. Diplom og prisar heng på stoveveggen, og no kan han henga opp den aller gjævaste.

På spørsmålet om han ikkje er redd når han hoppar svarar 95-åringen:

– Frykt har eg inga kjensla for. Det er ei god kjensla når eg ser dei andre på bakken og eg kan høyra at dei klappar og roper, forklarer Stavenes.

Fallskjerm

1999: Her fekk Stavenes oppfylt fallskjermdraumen, og hoppa for fyrste gang.

Foto: NRK

Men det handlar om langt meir enn berre å sanka prisar og sette rekordar. Lidenskapen for luftige svev vart tent frå fyrste stund. Fyrst i 1999 i ein alder av 80 år fekk han fallskjermdraumen oppfylt, no har han hoppa til saman 13. gongar.

– Det går så fort. Over 200 kilometer i timen. Det er ei rar, men god kjensle, forklarer den tøffe 95 åringen.

Pumpar jarn

Stavenes trur løyndommen bak den gode helsa si er sunn mat og å vera aktiv.

– Eg har ein fast rytme der eg legg meg klokka 22:00 kvar kveld. Eg tek tran, ete fire store grovbrødskiver til frukost og ete store middagar med mykje grønsaker kvar dag. Eg er veldig glad i mat som du forstår, forklarar han.

I tillegg held han seg i form ved å pumpa jarn på treningssenteret og vera ute i naturen.

– Eg går tur kvar einaste dag, og er på treningssenteret der eg trenar styrke cirka tre gonger i veka. Eg står på så lenge eg klarer. Eg har på ingen måte tenkt å gje meg med dette, legg han til.

Nytt mål

Europas eldste fallskjermhoppar er i dag 97 år gamal, og det er Stavenes sitt neste mål å slå.

– Hoppar eg i to år til no, så har eg den, forklarer Stavanes.

  • Sjå video under då NRK var med Stavanes på trening i vår:
Vil ta verdensrekord

VIDEO: Sjå intervju med 95-åringen og historia bak fallskjermdraumen.