Hopp til innhold

Mann omkom i utforkøyring

Køyrde utfor vegen og hamna i Bolstadfjorden i Vaksdal natt til laurdag.

utforkøyring Vaksdal

Det opplyste operasjonssentralen i Hordaland politidistrikt klokka 05.45 laurdag morgon. Politiet vart varsla om ulukka på fylkesveg 569 ved Trettenes i 3-tida på natta.

– Det var eit vitne som såg bilen køyre utfor vegen og hamne i sjøen, fortel operasjonsleiar Ronny Lentføhr til NRK.

Naudetatane vart sendt til ulukkesstaden, som ligg mellom to små tunnelar om lag ein halv kilometer etter avkøyrsla frå E16 mellom Dale og Voss i Hordaland. Der vart bilen funne i fjorden.

– Bakenden av bilen stakk opp og føraren vart henta ut, forklarer Lentføhr.

Tilstanden hans var då uavklart. Seinare på natta vart mannen bekrefta omkomen. Det var ingen andre personar i bilen.

Årsaka ikkje kjent

Lokalt brannvesen og dykkarar frå Bergen vart også sendt til staden då meldinga om utforkøyringa kom inn.

Årsaka til ulukka er ikkje kjent. Det er innleia tekniske undersøkingar på staden. Bilen har kome køyrande frå E16 og inn på fylkesveg 569 på Dalseidet, i retning Stamnes.

Operasjonsleiaren opplyser at dei pårørande er varsla. Bilen er tatt opp på land og blitt frakta til Bergen.

Klokka 09.10 melder politiet at dei har avslutta dei tekniske undersøkingane på staden.