Hopp til innhold

Trafikkveksten har spart norske bilistar for 50 år med bompengar

13 av 19 norske bompengeprosjekt vart nedbetalte før tida. – Trafikkveksten vert nesten alltid større enn ein hadde venta, seier professor Inge Thorsen.

Trekantsambandet nedbetalt

FØRSTE GRATISPASSASJER: Tre år før planlagt vart Morten Reiersen den første gratispassasjeren i Trekantsambandet.

Foto: Mikal Lerøen / Helge Sunde / NRK / Samfoto

Gunn Hemmingsen

STENGJER BUA: Gunn Hemmingsen hadde tysdag siste dag i bompengebua på Føyno.

Foto: Marte Rommetveit / NRK
Askøybroen i tåke

NEDBETALT: Askøybrua vart nedbetalt seks år før planlagt.

Foto: Egil Eliassen
Pål Kårbø

STYRELEIAR: Pål Kårbø i Sunnhordland bru- og tunnelselskap.

Foto: Krf

Tysdag fekk dei første bilistane køyra gratis gjennom Trekantsambandet i Sunnhordland. På dagen 12 år etter opninga, var Morten Reiersen den første gratispasasjeren .

Sambandet som bind saman kommunane Sveio, Stord og Bømlo er nedbetalt tre år før den opphavlege planen. Tal frå Vegdirektoratet viser at raskare nedbetaling snarare er regelen enn unntaket i bompengelandet Noreg.

Av dei 19 bompengeprosjekta, som er nedbetalte sidan 2005, vart 13 betalt ned raskare enn planlagt.

Det har samla spart norske bilistar for over 50 år med bompengar.

LES ÒG: Gunn har kravd inn bompengar i 12 år .

Trafikkvekst og låg rente

Det er i hovudsak to forklaringar på at Trekantsambandet er nedbetalt raskare enn planlagt.

– Trafikkveksten er den eine forklaringa, den andre forklaringa er det gunstige rentenivået, seier Pål Kårbø som er styreleiar i bompengeselskapet Sunnhordland bru- og tunnelselskap.

Utrekningar bomselskapet har gjort viser at ein har spart rundt 122 millionar kroner på at rentenivået har vore lågare enn det ein tok høgde for då bompengeavtalen vart inngått.

Vegvesenet reknar med ein trafikkvekst på mellom 30 og 40 prosent når Trekantsambandet vert nedbetalt.

– Den store fordelen med større bu- og arbeidsregionar vert forseinka så lenge det er bompengar, effekten vert mykje større no, seier Kårbø.

Nedbetalte bompengeprosjekt sidan 2005:

Avslutta bompengeprosjekt

Prosjekt

Nedbetalt

Planlagt nedbetalt

Sparte år

Kjelde: Vegdirektoratet

Fv.661 Skodjebrua / Straumsbrua

2011

2019

8

Fv.207 Bjorøy

2005

2010

8

E39 Teigen – Bogen

2011

2017

6

Rv.562 Askøybrua

2006

2012

6

Rv.64 Skålavegen

2005

2010

5

E39 Nordhordalandsbrua

2005

2008

3

Rv.755 Skarnsundbrua

2007

2010

3

E39 Rennfast

2006

2008

2

Rv.5 Fodnes-Mannhiller

2009

2011

2

Rv.714 Hitra-Frøya fastlandssamband

2010

2012

2

Rv.5 Naustdalstunnelen

2010

2011

1

Rv.5 Fjærland – Sogndal

2010

2011

1

Hovedvegutbygging Trondheim

2005

2005

0

Rv.17 Helgelandsbrua

2005

2005

0

Rv.61 Hareid – Sulesund

2007

2007

0

Rv.108 Hvaler/Utgårdskilen

2009

2009

0

Rv.658 Ålesundstunnelene

2009

2009

0

E69 Kåfjord – Honningsvåg (FATIMA)

2012

2014

2

E39 Krifast

2012

2012

0

E39 Trekantsambandet

2013

2016

3

Ekspander/minimer faktaboks

Raskare trafikkvekst

Nordhordlandsbrua

NEDBETALT: Nordhordlandsbrua vart nedbetalt tre år før tida.

Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Professor ved Høgskolen Stord / Haugesund Inge Thorsen seier trafikkveksten nesten alltid vert større enn forventa når nye samband opnar.

– Det er nesten regelen, ja. Du får som regel større trafikkvekst enn det prognosane skulle tilseia, seier Thorsen som er forskar innan regional økonomi.

Professoren fortel at raskare nedbetaling har positive økonomiske konsekvensar.

– Pendling er ganske prissensitivt. Og at det vert billegare å køyra raskare fører til auka produktivitet i regionen, seier Thorsen.