Hopp til innhold

– Menn trur dei er meistrar i bilkøyring

Ni månadar er gått av 2014 og totalt ti personar har døydd i trafikken i Hordaland – og dei drepne er berre menn.

Kaffe bak rattet

BERRE MENN: Tal frå Trygg Trafikk viser at hittil har ti personar, alle menn, omkome i hordalandstrafikken i 2014.

Foto: lev dolgachov / Colourbox

– Menn meiner at det å køyra bil, det kan dei. Ofte skal dei gjera mange forskjellige ting samtidig som dei køyrer bilen, seier leiar i Trygg Trafikk Hordaland, Arne Aase.

Menn trur at så lenge dei beherskar ratt og pedal, så kan dei køyra bil, men det å styra er berre 10 % av bilkøyringa, resten skjer mellom øyra.

Arne Aase, leiar i Trygg Trafikk

Han er fortvila over menn sine mange aktivitetar medan dei køyrer bil. Dei snakkar i telefonen, røyker, drikk kaffi – andre les til og med avisa eller barberer seg undervegs medan dei køyrer.

– Bilen er ikkje plassen til å gjera slikt, seier Aase.

Berre ein ting å gjera i bilen

Tal frå Trygg Trafikk viser at hittil har ti personar, alle menn, omkome i hordalandstrafikken i 2014. I same tidsrom i fjor var det 13 omkomne på hordalandsvegane.

  • Sjå oversikta i faktaboksen til høgre

Leiaren i Trygg Trafikk meiner at når ein køyrer bil så er det berre ein ting ein skal gjera, og det er å køyra bilen.

– Du må ha oppmerksemda på vegen, både framme, bak og til sidene. Du kan ikkje ha tankane din andre stadar, seier Aase.

– Er kvinner flinkare til dette?

– Det vert jo sagt at kvinner kan gjera to ting samtidig, men for dei gjeld også det at ein berre skal køyra bilen og ikkje gjere alt mogleg samtidig. Kvinner er flinkare ved at dei køyrer seinare enn menn, og veit ofte kor dei har avgrensingane, seier Aase.

Aase meiner at kvinner veit i kva hastigheit dei ikkje har kontroll over bilen, medan menn kan strekkja seg mykje lengre før dei eventuelt mistar kontrollen.

– Kvinner er meir skjerpa i trafikken, legg Aase til.

Negativ utvikling

Likevel er det ei negativ utvikling. Før kunne ein sjå tydlegare at kvinner var meir skjerpa enn menn. No er mange kvinner på veg for å nå igjen mannen også på dette området.

Arne Aase

UROA: Leiar i Trygg Trafikk, Arne Aase, er fortvila over menn sine mange aktivitetar medan dei køyrer bil.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

– Det er trist. Det burde heller gå den andre vegen, at menn tok meir etter korleis kvinner er i trafikken; få ned farta og retta merksemda meir på det ein skal i trafikken, seier Aase.

Vi prøver å nå ut til folk, informera dei og prøva å snakka dei til fornuft, legg han til.

– Er det nokon som faktisk vil innrømma at dei gjer ting medan dei køyrer?

– Ja, det er veldig mange, og dei som seier det meiner at dei beherskar det, seier Aase.

La kona køyre?

Tidlegare vart norske bilførarar spurd kor god dei meinte dei var til å køyre bil. Undersøkinga viste at over 80 % av dei mannlege bilførarane, svara at dei var betre enn gjennomsnittet.

– Har dei for god sjølvtillit?

– Ja, det har dei. Mange synest at så lenge dei beherskar ratt og pedal, så kan dei køyra bil, men det å styra er berre 10 % av bilkøyringa, resten skjer mellom øyra. Det er der enkelte tar feil, meiner Aase.

– Trur du vi kan fjerna alle dødsfall i trafikken?

– Visjonen er der, men det er ikkje eit mål. Det vil nok alltid skje ulykker, diverre. No er bilane derimot meir som datamaskiner, så i framtida er det nok bilen som tenkjer for oss. Kanskje det vil redusera ytterlegare dødsfalla, seier Aase.

Arne Aase oppmodar no menn til å skjerpa seg i trafikken og kutta ut alt det andre dei gjer medan dei køyrer bil.

– Eventuelt la kona køyra?

– Ja, det går og, flirer Aase.