Hopp til innhold

Bergen saksøker fylkeskommunen

Årelang eigedomskrangel hamner i retten. – Fylkeskommunen har trenert denne saka heile tida. No måtte vi diverre gå til sak, seier finansbyråd i Bergen, Eiler Macody Lund (Frp).

Bergen Handelsgymnasium

KREV BYGGET TILBAKE: Bergen kommune meiner å ha kjempa i nærare 20 år for å få tilbake bygg fylkeskommunen fekk gratis for 43 år sidan. Her Bergen Handelsgymnasium.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

I samband med at Bergen bykommune i 1972 vart ein del av Hordaland fylkeskommune, vart ei rekkje eigedommar overført gratis til fylkeskommunen. No går kommunen rettens veg for å få dei tilbake.

I arbeidet med å forhandla fram avtalen som skulle fordela eigedommar og pengar mellom fylke og kommunen for over 40 år sidan, vart fylkesmannen i Hedmark Erling Anger hyrt inn. Resultatet vart den såkalla Angeravtalen som vart lagt fram hausten 1971.

Eiler Macody Lund

– MÅTTE GÅ TIL SAK: Finansbyråd Eiler Macody Lund seier kommunen var nøydd til å ta saka til retten før 1. juli, slik at den ikkje blei forelda.

Foto: Magnus Aamo Holte / NRK

No viser Bergen kommune til ein klausul i denne avtalen, som sikrar at bygga utan vederlag skal overførast til Bergen kommune når dei «ikkje lenger skal brukast same eller liknande føremål som ved overføringa».

– Dette er pengar byen skal ha

Finansbyråd Eiler Macody Lund frå Frp meiner klausulen er krystallklar og gjev kommunen rett på å få tilbake bygga til ein verdi på langt over hundre millionar kroner.

– Dette er pengar som bykassen treng og skal ha, seier Macody Lund, som i sommar fekk hastverk for å unngå at saka blei forelda.

Dersom institusjon som blir overført fra Bergen by til Hordaland fylke ikke lenger skal brukes til samme eller lignende formål som ved overføringen, får Bergen kommune vederlagsfritt tilbake eiendomsrettene til grunn og bygninger som den har overført til fylket.

Angeravtalen

– Vi kjem ingen veg med fylkeskommunen. Vi har prøvd i nesten 20 år å få tilbake dei mest verdifulle eigedomane. Fylkeskommunen kjem med unnskyldningar, eller berre trenerer svara sine. Dermed hadde vi ingen annan moglegheit. Hadde vi ikkje gått til søksmål før 1. juli hadde kravet vårt falt, forklarar finansbyråden.

Krev ei rekkje bygg tilbake

Midt i sommarferien, utan at nokon fekk det med seg saksøkte dermed Bergen kommune Hordaland fylkeskommune.

I stemninga til Bergen tingrett 30. juni gjer kommunen krav på følgjande eigedommar:

  • Haugeveien 28: Tidlegare Bergen sjømannskule.
  • Kalfarvei 2: Tidlegare Bergen handelsgymnasium.
  • Margaretastredet 2: Tidlegare brukt av Bergen tekniske fagskule.
  • 40 prosent av eigedommane som høyrde til Vestlandsheimen.

I tillegg krev kommunen erstatning for eigedommar som kommunen meiner er selt i strid med Angeravtalen.

Rune Haugsdal, fylkesrådmann

– BYGGA ER BRUKT RETT: Fylkesrådmann Rune Haugsdal meiner bygga kommunen krev tilbake, har vore brukt i samsvar med avtalen.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

– Paragrafen er klar. Difor er det veldig underleg at fylkeskommunen trenerer sak på ein slik måte at vi er nøydde til å gå til retten for å få bygga tilbake slik det står i avtalen, seier Macody Lund.

– Har vore brukt til det dei skulle

Fylkesrådmann Rune Haugsdal synest det er svært spesielt at kommunen saksøker eit anna forvaltningsnivå.

– Det er ikkje vanleg. Fylkeskommunen er av den oppfatninga at bruken av bygga har vore i samsvar med avtalen, seier Haugsdal.

Før søksmålet kom hadde ikkje Haugsdal hørt om saka i si tid som fylkesrådmann.