Hopp til innhold

Dette kan bli verdas høgaste trehus

14 etasjar og bjelkar av tre. Ved Puddefjorden i Bergen vil dei no byggje verdas høgaste trehus.

Verdas høgaste trehus i Bergen

RAGAR HØGT: Blokka vert 18 meter høgare enn Puddefjordsbrua er på det høgaste, og blir nesten like høgt som Bergen rådhus.

Foto: 3seksti / Illustrasjon

Bryggen, Torget, Gamle Bergen, Troldhaugen og no verdas høgaste trehus. Bergen kan gjere seg klar til å få ein ny attraksjon.

På ein parkeringsplass rett ved sida av betonggiganten Puddefjordsbroen, skal det komme 14 etasjar med bustadar, bygd i tre.

– Det er jo veldig spennande å få vere med på ein verdsrekord, seier arkitekt Per Reigstad i Artec.

Verdas høgste trehus i Bergen

LETT Å SJÅ: Med fjorten etasjar vert blokka vanskeleg å oversjå i bybiletet.

Foto: 3seksti / Illustrasjon

Kan stupe frå terrassen

Om lag 48 meter høgt, og nært nok Puddefjorden til at ein kan stupe frå takterrassen.

– Ja, om ein tørr det, seier prosjektleiar Ole Kleppe i Bergen og Omegn boligbyggelag (BOB), som står bak prosjektet.

Ferdige rom inne i treboksar vert frakta til staden og skal stablast opp og rammast inn med enorme trebjelkar.

– Passar bergensarane

– Det vil jo passe det bergenske lynnet å få verdas høgaste trebygg her, seier landbrukssjef Ole Bakkebø hos Fylkesmannen i Hordaland.

Bakkebø har trua på treverket som framtidas byggemateriale.

– Noreg er ein trenasjon. Tre har vore ei viktig næring i tusen år, og det er vår arv og plikt å drive det vidare, seier han.

Ny høgblokk ved Damsgårdsundet

UTSIKT FRÅ MØHLENPRIS: Det nye bygget vil komme mellom bubilparkeringa og brua.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

Tre i fokus

Å bygge i tre skal vere meir i fokus framover.

I landbruksmeldinga frå desember i fjor legg regjeringa opp til auka bruk av tre i nye bygg. Innovasjon Norge har laga eit eige innovasjonsprogram for tre.

– Det er sett pengar bak det nasjonale prosjektet Trebasert Innovasjonsprogram, der me kan gje støtte til å fremje eksperimentering og prosjektering i tre, fortel han.

Bergen har ein eigen trefestival, og på Grüne Woche i Berlin, verdas største messe for landbruk, mat og reiseliv, vart norsk trearkitektur tidlegare i år presentert for fyrste gong.

Tre er definitivt i vinden for tida.

Bakkebø meiner det er viktig å fokusere på miljøaspektet i trebruken.

– Det har den fantastiske eigenskapen at det kjem att igjen og igjen. Den ressursen må verda gjere bruk av. Det er ikkje forureinande og eit veldig viktig materiale, meiner Bakkebø.

Bryggen i Bergen

TREBYEN BERGEN: – Bergen ein av dei mest kjende trebyane i verda, seier landbrukssjef Ole Bakkebø.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Bra for trebyen Bergen

Vidare syns han det er svært så passande at eit eksempelbygg i tre kjem i akkurat Bergen.

– Dette er ein av dei mest kjende trebyane i verda, og det forpliktar, seier han.

Han trur det nye bygget Bergen kan trekkje til seg stor merksemd.

– Eg trur det vert tøft. Me bør ha eit håp om at dette skal trekkje folk frå heile verda, slik trearkitektur gjer andre stadar i Europa, seier han.

Trehuset må ha betongdekke mellom etasjane to stader for å skape nok tyngde i huset.

– Så få me berre håpe det står når stormane kjem rasande innover sundet, seier Bakkebø.

Må handsamast på nytt

Då BOB starta arbeidet med treblokka fekk dei dispensasjon frå Bergen kommune til å bygge 13 etasjar. Det er høgare enn det er vanleg å få løyve til i området, men sidan det skulle byggjast i tre, var kommunen meir velvillig.

Når prosjektet no er byggeklart er det ein etasje høgare enn planlagt. Ifølgje prosjektleiar Ole Kleppe i BOB er det for at prosjektet skal verte lønsamt utan at leilegheitene vert veldig dyre.

No må prosjektet difor gjennom ei ny reguleringsendring.

– Me skal vurdere ei reguleringsendring, og eg håpar me kan konkludere før sommarferien, seier byggesakssjef Petter Wiberg.

Fleire høge trehus

I Kirkenes har Barentssekretariatet hatt ute ein arkitektkonkurranse for eit nytt signalbygg.

Vinnarprosjektet er eit trehus med 20 etasjar , og kan slå Bergensbygget om det vert noko av.

Men prosjektleiar Rune Rafaelsen fortel at arbeidet står på staden kvil, fordi det nye kommunestyret ikkje vil vere med på det.

Andre stadar i verda er det òg liknande prosjekt på gong. Men BOB håpar å vere fyrst ute med eit ståande bygg, og dermed ha rekorden i alle fall for ei stund.

Verdas høgaste trebygg er i dag Todaiji-tempelet i Japan, som er frå år 728. Det er om lag 47 meter høgt. Så står det att å sjå om bergenshuset vert høgt nok til å slå det.

Dersom reguleringsendringa går slik BOB ynskjer kan huset vere klart til innflytting i løpet av 2014.

Video Verdens høyeste trehus

SJÅ VIDEO: Det er planar om eit rekordhøgt trehus i Kirkenes, men no ligg plananen på is. Dermed kan Bergen få sjansen til å få det høgaste trehuset.