Hopp til innhold

Bergensområdet har for dårleg terrorberedskap

NUPI-forskar meiner HV-016 på Vestlandet bør gjenopprettast.

Ståle Henriksen

NUPI-forskar Ståle Ulriksen.

Foto: NRK

Viss eit terroråtak skjer i Bergensområdet vil det ta lang tid før politiet får støtte frå Forsvaret.

– Me er veldig dårleg førebudde her. Ein har lagt ned HV-016-avdelingar i Stavanger og i Bergen, seier Ståle Ulriksen til NRK.

Henriksen er forskar ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI).

– Det er også slik at marinejegerane ikkje lenger har noko klar rolle i terrorbekjemping. Det er òg ressursar som kunne blitt brukt til den typen oppdrag, legg han til.

– Gjenopprettast i ny form

Han er kritisk til at forsvaret si terrorgruppe i HV-016 er lagt ned.

– Beredskapen utanfor Austlandsområdet er blitt svekka på grunn av denne nedlegginga og eg meiner at HV-016 bør gjenopprettast. Kanskje ikkje i same form som før, men ein bør ha ei avdeling av denne typen, seier Ståle Ulriksen.

Politiet har fått kritikk på grunn av lang responstid etter drapa på Utøya.

LES OGSÅ: Politiet innrømmer å ha teke omveg til Utøya