Hopp til innhold

Noreg treng fire nye fengsel

Norske fengsel er så fulle at mange slepp varetektsfengsling, eller slepp ut av fengsel for tidleg for å gjere plass til andre fangar. No vil regjeringa auka talet på fengselsplassar kraftig.

Bergen fengsel

100 NYE PLASSAR: Viss regjeringa får det som dei vil, får Bergen fengsel 100 nye fengselsplassar innan år 2020.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Det er alt for mange som skulle ha vore i fengsel som blir slopne fri på grunn av plassmangel, seier Helge André Njåstad (Frp), leiar i kommunalkomiteen på Stortinget.

I ei stortingsmelding i dag føreslår regjeringa å auka talet på fengselsplassar i Noreg med 560 plassar. Det er behov for 2.000 nye fengselsplassar her i landet før 2040, og for å få bukt med soningskøen trengst fire nye fengslar, seier justisminister Anders Anundsen (Frp) til VG.

I tillegg kan det bli aktuelt utvide kapasiteten betydeleg innanfor noverande murar, seier Anundsen.

I Bergen vil ein byggja ut kapasiteten frå 258 plassar, med 100. Også Halden fengsel får 100 nye plassar, det same gjeld Skien fengsel i Telemark, ifølgje Varden. Åna fengsel i Rogaland skal få 50 nye plassar.

I tillegg skal det bygges et nytt fengsel i Agder, med om lag 300 plassar, noko som auker kapasiteten i området med om lag 180 - 200 plasser.

Ulf Leirstein (Frp) i Stortingets justiskomité seier til NRK at bygginga av nye plassar kan vere i gang allereie neste år.

– Vi håpar at vi snakkar om månader etter stortingsbehandlinga av meldinga, og at vi i løpet av neste år kan ha noko ferdig i Halden, seier Leirstein, som sit på Østfold-benken på tinget.

1200 i soningskø

Helge André Njåstad

– GLEDELEG: 100 nye plassar vil betre ein vanskeleg situasjon i Bergen fengsel, seier Helge André Njåstad, leiar i kommunalkomiteen på Stortinget.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

I dag blir problemet med plassmangel i norske fengsel løyst på fleire måtar. Mange slepp varetektsfengsling, eller slepp ut av fengsel for tidleg for å gjere plass til andre fangar.

I dag sit kring 1200 personar i soningskø for å få gjort opp sine vilkårslaus domar. I tillegg kjem eit stort behov for varetektsplassar.

I fleire månader har Noreg forhandla med Nederland om å leige fengselsplassar for å lette soningskøen. Torsdag skreiv norske og nederlandske myndigheiter under på ein avtale om å sende 242 norske fangar til nederlandske fengsel.

– Dette er ei kortsiktig løysing. På sikt er me nøydde til å utvida kapasiteten i norske fengsel for å få plass til fleire, seier Njåstad.

– Ein god dag for kriminalomsorga

våge

– EIT LØFT: Dette er ein god dag for kriminalomsorga, seier regiondirektør i Kriminalomsorgen Vest, Per Sigurd Våge.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Regiondirektør i Kriminalomsorgen Vest, Per Sigurd Våge seier at å auka talet på soningsplassar vil løyse store utfordringar.

– Dette er eit stort løft for oss. Plassmangel er eit problem me har hatt i mange år. Dette er absolutt ein god dag for kriminalomsorga, seier Våge.

Trass i at Bergen fengsel får hard kritikk frå Sivilombodsmannen i ein fersk rapport, mellom anna på grunn av mangel på fengselsbetjentar, er ikkje Våge uroa.

– Med utvida drift ventar me jo også at me vil få økonomiske midlar til å dekka normal drift når den tid kjem.

Utvida innan 2020

Kapasitet i norske fengsel har blitt totalt neglisjert, seier medlem i justiskomiteen, Peter Christian Frølich (H).

– Fengselsplassar har vore nedprioritert politisk i alt for mange år. No tek regjeringa eit skippertak, hevdar Frølich.

Ifølgje han vil kapasiteten i Bergen fengsel vere betydeleg utvida innan fem år.

– Ting tek tid, men innan år 2020 vil det vere betre plass i norske fengsel, så lenge stortinget er einige med regjeringspartia.